NRK Meny
Normal

PST startar etterforsking av falske basestasjonar

PST avgjorde i dag at dei skal starte etterforsking for å finne ut om opplysningane rundt falske basestasjonar i Oslo, er snakk om ulovleg etterretningsverksemd til fordel for framande statar. NSM meiner funnet av dei falske basestasjonane sannsynlegvis er reelt.

PST-sjef Benedicte Bjørnland

PST-sjef Benedicte Bjørnland vil etterforske saka rundt dei falske basestasjonane.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Det var Aftenposten som sist laurdag avslørte at fleire falske basestasjonar for mobiltelefontrafikk er sette opp i nærleiken av Stortinget. Seinare har avisa meldt at det også er plassert ut falske basestasjonar nær viktige norske bedrifter.

Avisa har ved hjelp av avansert elektronikk slått fast at basestasjonar som kan overvake mobiltrafikk er plassert ut ved Stortinget, statsministerens kontor, Forsvarsdepartementet, Parkveien, Aker Brygge, Tjuvholmen og Lysaker.

– Funna truleg reelle

Kjetil Nilsen, direktør i Nasjonal sikkerhetsmyndighet

Kjetil Nilsen er direktør i Nasjonal sikkerhetsmyndighet NSM.

Foto: NSM

Samstundes seier Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) at det er sannsynleg at funna Aftenposten har gjort er reelle. NSM har no sendt rapporten sin om falske basestasjonar til Justis- og beredskapsdepartementet, Forsvarsdepartementet og PST.

– Vi har gjort undersøkingar over fleire dagar gjennom bruk av ulike metodar og tekniske verktøy. Hovudkonklusjonen vår er at det er sannsynleg at funna Aftenposten har gjort gjennom sine undersøkingar er reelle, seier direktør i NSM, Kjetil Nilsen.

Han seier at dei nyttar uttrykket sannsynleg, fordi det ikkje er mogleg å trekkje absolutte konklusjonar. Han legg til at NSM ikkje kjem til å kommentere enkeltfunn eller detaljar i undersøkingane dei har gjort.

– Digitale nett er sårbare. Vi må vere medvitne på at avlytting kan skje, og vi må ha eit bevisst forhold til kva vi kommuniserer, seier Nilsen.

Se også NRKs ekstra sikre tipskanal.

LES OGSÅ: PST-sjefen mistenkjer framande makter

LES OGSÅ: PST: – Ikke gi sensitiv informasjon over telefon

– Langt meir interessant

Han opplyser at NSMs oppdrag er å verne informasjon som er gradert etter tryggingslova. Tryggingsgradert informasjon skal behandlast på godkjende system, eller særskilde krypterte mobiltelefonar. Slike tryggingsgraderte telefonløysingar eksisterer for ulike tryggingsnivå, og er blant anna i bruk i forvaltinga, seier NSM-sjefen.

Ståle Ulriksen

Forskar Ståle Ulriksen meiner Noreg er attraktivt for framande makter.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

Nupi-forskar Ståle Ulriksen meiner at Noreg er langt meir interessant for framande makter og økonomiske interesser enn det nordmenn flest trur.

I eit intervju med Dagsavisen seier Ulriksen at ulovleg overvaking ikkje er noko nytt, men at kven som gjer det, teknologien og omfanget har endra seg. Han meiner det har vorte gradvis verre dei siste 12–15 åra, i takt med at Russland og Kina har vorte stadig meir aktive.

Nupi-forskaren meiner at nordmenn er meir slepphendte med informasjon enn mange andre, og han åtvarar mot å tru at Noreg er ikkje er interessant for framande makter og sterke økonomiske interesser.

LES OGSÅ: – Skulle tro PST vil avdekke slik aktivitet

LES OGSÅ: Ingen har tidligere undersøkt falske basestasjoner

Opposisjonen krev rapport

Han minner om at Oljefondet er eitt av dei største investeringsfonda i verda, og at Noreg maritimt er blant dei 10–20 største aktørane i verda.

Opposisjonspartia på Stortinget har i dag skrive brev til justisminister Anders Anundsen (Frp) med krav om ei utgreiing om kva som har skjedd, kva regjeringa har gjort for å førebyggje mobilovervaking og kva som vil skje med denne saka vidare.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger