Hopp til innhold

PST får masseovervake – Frp kallar den nye lova eit steg i retning politistat

Det er fleirtal på Stortinget for at PST kan lagre alt som skjer på det opne internettet i Noreg.

Per Willy Amundsen

FRYKTAR POLITISTAT: Leiar i justiskomiteen, Per-Willy Amundsen, er kritisk til lovendringa.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Lovendringa som regjeringa ønsker, betyr at Politiets tryggingsteneste (PST) snart kan lagre alt som skjer på det opne internettet i Noreg.

– Eit steg i retning av ein politistat, seier leiaren av justiskomiteen, Per-Willy Amundsen (Frp) til Bergens Tidende.

Gir PST utvida rettar

I Stortinget sikrar Høgre fleirtal for forslaget som Ap-Sp-regjeringa la fram før jul, om endringar i Politiregisterlova.

Lova skal gi PST høve til å overvake, lagre og analysere store mengder ope tilgjengeleg informasjon. Dette kan dei bruke til å lage analysar og etterretningsvurderingar, sjølv om kvar enkelt opplysning isolert sett ikkje er naudsynt for formålet.

I lovforslaget får PST i oppgåve å «utarbeide analysar og vurderingar om tilhøve i Noreg som kan truge Noregs suverenitet, territorielle integritet, demokratiske styreform og andre nasjonale tryggingsinteresser».

Ordinære spørretime om justisministerens bruk av Tiktok

Justisminister Emilie Enger Mehl meiner at PST må få høve til å lagre meir enn i dag.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

– Avviklar retten til privatliv

Frp, Venstre og SV er kritiske. Partia har felles merknader til lovforslaget.

Amundsen meiner at mars 2023 blir månaden då Stortinget «avviklar retten til privatliv».

– Det skjer utan ei grundig utgreiing og utan ein offentleg debatt. Befolkninga veit ikkje kva som er i ferd med å skje, seier han, ifølgje avisa.

Amundsen meiner at slik overvaking berre må skje etter ei konkret vurdering og etter at domstolane har vurdert saka.

Vil følgje ekstremistnettverk

Lovendringa er ifølgje regjeringa naudsynt for at PST skal kunne analysere endringar i trusselbildet slik at dei kan avdekke ukjende trusselaktørar og oppdage nye farar.

Komiteens fleirtal (Ap, Høgre og Sp) viser til at dei føreslåtte lovendringane vil styrke PSTs moglegheiter til å følgje med på ekstremistiske digitale nettverk.

PST meiner at terrortrusselen dei komande åra i hovudsak vil kome frå enkeltpersonar med tilknyting til slike nettverk.

Fleirtalet meiner det er viktig at PST i tillegg får høve til å følgje med på samansette truslar, strategiske oppkjøp og melde frå om nye typar truslar. Dei meiner det er viktig at lovverket held tritt med den digitale utviklinga.

Fleirtalet meiner lova balanserer omsynet til nasjonal kontroll og personvernet «på ein fornuftig måte».

Etter ei høyringsrunde er lagringstida redusert frå 15 til 5 år, men med mogelegheit til å forlenge til 15 år.

Fryktar for ytringsfridom og personvern

Datatilsynet har i sitt høyringssvar åtvara om at lovendringa vil gje PST ein tilnærma uavgrensa moglegheit til å kartlegge norske borgarars meiningar, politisk ståstad, legning og helse.

Saman med Noregs institusjon for menneskerettar (NIM), Tekna og Advokatforeininga, har Datatilsynet åtvara om at dette kan kjøle ned ytringsfridomen.

Les også: Vil avdekke voldelige klimaaktivister tidligere

Bane-mehl-211022
Bane-mehl-211022

Mindretalet (Frp, SV og Venstre) i justiskomiteen skriv i si innstilling at dei fryktar at lova vil bety eit stort inngrep i retten til privatliv. Dei trur det vil få konsekvensar for ytringsfridom, tankefridom og informasjonsfridom.

Mindretalet fryktar at folk skal vegre seg for å uttrykke seg, dele meiningar og søke informasjon på internett når dei veit at styresmaktene følgjer med.

Gjeld ope tilgjengeleg informasjon

Statssekretær i justisdepartementet, Hans-Petter Aasen (Sp), seier til NRK at han er overraska over at Frp ikkje ynskjer nye tiltak for å førebyggja kriminalitet og ekstremisme.

– Det er viktig at PST har verkemiddel som er tilpassa den digitale utviklinga. PSTs ansvar er det same i det digitale rom som i den fysiske verda. Internett kan ikkje vere ein fristad for planlegging av alvorleg kriminalitet eller radikalisering.

Pressebilde av statssekretær Hans-Petter Aasen (Sp)

Statsskeretær Hans-Petter Aasen i justisdepartementet

Foto: Justis- og beredskapsdepartementet

Aasen seier det er viktig å understreke at forslaget er avgrensa til å gjelde ope tilgjengeleg informasjon.

– PST er ikkje gitt heimel til å lagre «kva som helst». Det som blir innhenta må reknast med å vera nødvendig for å utarbeida analysar og etterretningsvurderingar, slik at vi kan verna oss betre mot blant anna terror og framand etterretning.

Han seier at med ope tilgjengeleg informasjon meiner ein informasjon som alle kan finne fram til på internett.

– Det er viktig å presisera at PST ikkje er kan lagre private samtalar på chattetenester, e-postar eller anna kryptert eller privat informasjon, seier Hans-Petter Aasen.

Saka skal opp til debatt og avrøysting i Stortinget i neste veke.

AKTUELT NÅ