Hopp til innhold

PST ber arbeidsgivarar sjekke russiske tilsette etter spionforsøk

Fleire hundre russarar som har tryggleiksklarering er blitt utsette for press frå russisk etterretning om å gi frå seg sensitiv informasjon om norske forhold.

Arne Christian Haugstøyl i PST

Arne Christian Haugstøyl i PST seier at tryggingsklarerte russiske statsborgarar er attraktive for russisk etterretning, som ønskjer intern informasjon om Noreg.

Foto: NRK

Den siste tida har fleire etniske russarar med tryggleiksklarering kome til PST og sagt at dei har vorte forsøkt pressa av russisk etterretning til å levere frå seg sensitiv informasjon.

Alle har jobbar som krev tryggleiksklarering på ulikt nivå. Desse tryggleiksklareringane er gitt i ei anna tryggleikspolitisk tid. Dei som sit i desse stillingane er utsette for press frå heimlandet.

– Vi har vore naive

Arne Christian Haugstøyl trur mange har vorte tekne på senga av denne situasjonen. Han er leiar i Seksjon for statlege aktørar i Politiets tryggingsteneste, og jobbar med å avsløre spionar i Noreg.

– Vi har nok vore naive i ei fredeleg tid, seier han.

Han trur ikkje at etniske russarar har kome hit med det målet å spionere. Men dette er ei sårbar gruppe som lett kan utsettast for press mot seg sjølv og mot familien i Russland, seier Haugstøyl.

Den russiske ambassaden

Russland is ambassade i Noreg. Det er frå her Russland si etteretningsverksemd mot Noreg vert styrt.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Kjennast ikkje som spøkelser

PST seier det er konflikten mellom Nato og Russland om Ukraina som gjer at russarar i Noreg med tryggleiksklarering er utsette.

No ber dei om at norske arbeidsgjevarar sikre seg at russarane ikkje er utsette for press, og i så fall seie ifrå til PST.

Ser PST spøkelse på høglys dag?

– Nei. Men eg forstår at folk kan tru det. For PST som har den kunnskapen vi har, kjennest dette ikkje ut som spøkelser på høglys dag, seier Haugstøyl.

Han trur det er mange som opplever press og som både har avslått og inngått samarbeid, og som let vere å fortelje om dette til arbeidsgivar og PST.

PST sier flere hundre russere som har sikkerhetsklarering er blitt utsatt for press fra russisk etterretning.

Var redd for å miste jobben

Advokat Ekaterina Reiersen kom frå Russland for 20 år sidan. Ho har det siste året snakka med tre russarar som kjenner seg mistenkeleggjort av PST.

Den eine arbeider i eit IT-selskap i Noreg. Han har budd i landet i om lag ti år og er norsk statsborgar. Han tok kontakt med Reiersen for å søke råd.

– Det kom som eit sjokk på han. Han opplevde det som svært ubehageleg og stressande, og var redd for å miste jobben sin. Heldigvis for han var arbeidsgjevaren på hans side.

Ekaterina Reiersen

Advokat Ekaterina Reiersen kom frå Russland for 20 år sidan. Ho har sjølv aldri blitt kontakta av PST, men kjenner til fleire som har blitt det.

Foto: Katrine Nybø / NRK

Forstår at PST må gjere jobben sin

Reiersen er klar på at Politiets tryggingsteneste må gjere jobben sin. Men ho meiner at dette kan vere med på å mistenkeleggjere russarar i Noreg.

– Noreg risikerer å skyve frå seg desse russarane, som no kjenner seg mistenkeleggjort av PST. Dette er integrerte, høgt utdanna og ressurssterke menneske, seier Reiersen.

Ho er redd for at denne gruppa russarar i Noreg kjenner seg stigmatiserte, og skiftar lojalitet til Russland.

PST seier dei derimot ikkje har noko grunnlag for å mistenkje russarar som ei gruppe

  – Tvert imot går vi ut med dette no for å bevisstgjere denne gruppa russarar i Noreg sidan dei kan bli utsette for press, seier informasjonssjef i PST, Trond Hugubakken.

Stadig fleire utanlandske borgarar får klarering

Det er Nasjonalt tryggingsorgan som har oppgåva å vurdere klarering til søkjarane. Dei har merka seg at det er ein stadig aukande straum av utanlandske statsborgarar som søkjer klarering.

– Vi vert stadig utfordra på dei krava vi har sett. Dersom ein ser stort på det, vil det vere lettare for framand etterretning å til dømes plante nokon, det fører til auka sårbarheit. Men samstundes er det ikkje slik at vi ikkje stolar på folk, seier John Arne Gisnås, som er seksjonssjef i Avdeling for tryggingsstyring i Nasjonalt tryggingsorgan.

Han legg til at det i kvart tilfelle vert gjort grundige undersøkingar før ei klarering vert godkjent.

AKTUELT NÅ