Hopp til innhold

Protesterer mot ny norskeksamen

Den nye norskeksamenen i 10. klasse blir møtt av massive protestar frå elevar, foreldre og lærarar over heile landet.

Eksamen
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Elevane er svært misnøgde med at dei må skrive to stilar på ein dag, ein i kvar målform.

- Det er ein veldig vanskeleg og kjip eksamen, seier Vilde Halgren Sandvik ved Brannfjell skule i Oslo.

21. mai sit Vilde og resten av 10. klassingane i Norge samla ved pultane med skriftleg eksamen i norsk.

Øydelegg mykje

For første gang skal eksamen gå over berre ein dag, og i skule-Noreg blir den nye ordninga møtt av massive protestar. Elevane er leie og frustrerte over at dei må skrive to stilar på dei fem timane dei har til disposisjon.

Først ein i hovudmål, og deretter ein stil til på sidemålet. Marte Christensen ved Brannfjell skule fryktar at ein dårlegare karakter i norsk minskar mulegheita til å kome inn på den vidaregåande skulen ho ønskjer.

-Det øydelegg veldig mykje. Vi brukar alt for lang tid på sidemålsstilen på grunn av at vi må slå opp i ordboka. Dermed går det ut over hovudmålsstilen, og karakteren til slutt.

Har aldri vært prøvd før

Hos Utdanningsdirektoratet kjem det inn klager frå heile landet. Reaksjonane kjem frå både foreldre, lærarar og rektorar. I Stavanger har blant anna har alle dei 16 rektorane i byen ført i pennen eit protestbrev, mens lenger nord, i Tromsø har Sommerlyst skule arrangert eksamenskampanje.

Direktør Petter Skarheim i Utdanningsdirektoratet forstår frustrasjonen.

-Vi skjønar at elevane er engstelege fordi det er ein eksamensform som aldri er blitt prøvd før.

Vil vurdere ordninga

Tidlegare var eksamen over to dagar, først i hovudmål, deretter i sidemål. Men tidlegare utdanningsminister Kristin Clemet foreslo at dette skulle endrast, slik at elevane som kom opp i norsk ikkje hadde meir enn ein dags eksamen. Dei skulle kome opp i anten hovudmål eller sidemål. Stortinget vedtok til slutt at norseksamen skulle vere i hovudmål og sidemål på same dag.

No vil Utdanningsdirektoratet vurdere den nye reforma etter at norskeksamenen er gjennomført i vår.

Marte Christensen ved Brannfjell skule vil ha tilbake den gamle ordninga.

-Ved å ha eksamen over to dagar får vi både lengre tid til førebuingar og fleire timar på oss til å gjennomføre eksamen.

AKTUELT NÅ