Hopp til innhold

Professor meiner namneskifte kan gi ein ny start

– Når NSB skiftar namn til Vy, må dei samtidig tilby oss noko nytt. Dersom det ikkje skjer, blir det som å setje leppestift på ein bulldogg, seier professor Tor Wallin Andreassen ved NHH.

Vy

NSB og Nettbuss endrar namn til Vy. Konsernsjef Geir Isaksen sa under lanseringa tysdag at det nye namnet skulle uttrykke at dei ønsker å gi dei reisande opplevingar, bilete og utsikter.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Leiinga i NSB presenterte tysdag planane om ei relansering av selskapet med nye fargar, uniformer og logo under namnet Vy. Konsernsjef Geir Isaksen sa på pressekonferansen at det nye namnet skulle vise til å ha utsikt, oversyn og ambisjonar.

– Vi vil at folk skal bli kjent med oss på nytt. Då må vi gjere noko med det, sa han.

Professor Tor Wallin Andreassen ved NHH meiner namnevalet er greitt, så lenge selskapet klarer å fylle det med innhald.

– Du kan kalle eit selskap kva du vil, så lenge du klarer å gi brukarane dei rette assosiasjonane. No ventar nok mange at det skjer noko med rutetilbodet, kor punktlege dei er og servicen. Dersom dei i staden berre held fram som før under nytt namn, blir det som å setje leppestift på ein bulldogg, seier han til NRK.

NHH-professor

Professor Tor Wallin Andreassen ved NHH i Bergen trur eit namneskifte kan gjere det mogleg for Vy å ekspandere og gå inn i marknader der NSB ikkje var ein aktør tidlegare, som utleige av elsyklar og køyring av drosjer.

Foto: CHRISTIAN LURA / NRK

Tog kan bli mindre viktig

Dei siste åra har det vore fleire meldingar om togstans, forseinkingar og buss for tog. Dette har slite på omdømmet til NSB, men Andreassen trur namnebytet også er eit forsøk på å frigjere seg frå det dårlege ryktet.

– Eg trur dei bur seg på ein ny kvardag der baneverksemda blir ein liten del av eit større transportselskap. Etableringa av eit nytt selskap gjer det mogleg å utvide til nye former for transport i framtida.

Han viser blant anna til at NSB allereie er i gang med å leige ut elbilar, og at Vy kan ha vyar om å utvide dette til å gjelde også andre måtar å transportere folk på.

Nytt felles navn for NSB og Nettbuss.

Både fargane, logoen og uniformene blir nye når NSB skiftar namn til Vy.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Dei siste åra har det vore fleire selskap har skifta namn, som Statoil som blei Equinor og Jernbaneverket som blei til Bane Nor. Andreassen trur slike skifter kan vere ein ny giv for både selskapet og samfunnet elles.

– Det er ein vitaminpille for både dei tilsette, publikum og moglege investorar. Samtidig kan det gjere det mogleg for verksemda å gå inn i nye satsingsområde.

Kritikk mot endringar

Nytt namn med nye fargar og logoar kan kome til å koste opp mot 280 millionar kroner Marknadsføringsekspert Trond Blindheim, som er dosent ved Høyskolen Kristiania, fryktar namneskiftet skal koste meir enn det smakar.

– Dei kunne heller brukt pengane på å fikse det faktiske produktet og bli kvitt alle forseinkingane. NSB er også eit godt innarbeidd namn som folk veit kva er.

Heller ikkje Språkrådet er oppglødde over namneendingar. Direktør Åse Wetås seier til NRK at dei råda NSB til å behalde namnet, fordi dei meinte det var eit godt namn folk forstod.

– Vi meiner statseigde selskap bør ha namn som er klare og tydelege, slik at brukarane umiddelbart kan forstå kva dei held på med.

AKTUELT NÅ