Hopp til innhold

Gir opp biodiesel fordi det er for dyrt

Posten og Bring vel vekk biodiesel fordi prisen har gått opp. – Det viser at vi har nådd målet om å gjere det konkurransedyktig, svarar Samferdselsdepartementet.

Postens Østlandsterminal

Utsleppa frå lastebilane i Posten, Bring og Asko er venta å auke igjen i 2017.

Foto: Morten Holm / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Biodrivstoffet HVO kostar no to til tre kroner meir enn vanleg diesel, skriv Aftenposten og Bergens Tidende.

Ved årsskiftet vart HVO mindre tilgjengeleg på grunn av nye norske krav til råstoffet palmeoljeavfall. NHO Transport meiner det gjer at drivstfoffselskapa heller sel til land som ikkje har dette kravet.

Blir for dyrt

I fjor fylte Posten biodrivstoff på 500 køyretøy, noko som førte det til at CO₂-utsleppa deira gjekk ned med 11.000 tonn. No seier dei at det er blitt for dyrt å fylle grønt på tanken.

– Når vi fyller 30 millionar liter drivstoff i året, toler vi ikkje å måtte betale tre kroner meir for kvar liter, seier Colin Campbell, direktør for miljø og samfunnsansvar i Bring.

MDG-leder Rasmus Hansson

OPPGITT: Rasmus Hansson i Miljøpartiet Dei Grøne meiner regjeringa ikkje har sett i verk gode nok tiltak som skal få fleire til å velje biodiesel framfor fossil diesel.

Foto: Christian Kråkenes

Dermed går dei tilbake til å fylle fossil diesel på lastebilane sine, noko Miljøpartiet Dei Grøne likar svært dårleg.

– Dette er tragisk! seier talsperson i MDG, Rasmus Hansson.

Han meiner at regjeringa og fleire av partia på Stortinget ikkje har vore villige til å greie ut konsekvensane ved auka bruk av biodieseldrivstoff.

– I førre veke stemde nesten heile Stortinget ned eit forslag frå MDG om å sjå nærare på konsekvensane. Vi visste dette kom til å skje, med fleirtalet sa berre tut og køyr. Det tok oss nokre få dagar før vi fekk rett, seier Hansson.

Stor etterspurnad

Tom Christer Nilsen

POPULÆRT: Den store etterspurnaden etter biodrivstoff har gjort at prisane har gått opp, forklarar statssekretær i Samferdselsdepartementet, Tom-Christer Nilsen.

Foto: Ole Andre Langmandokk / NRK

– På den eine sida tenkjer eg at dette er trist. Vi har allereie fjerna avgift på biodrivstoff for å gjere det meir attraktivt å bruke, seier Tom-Christer Nilsen, statssekretær i Samferdselsdepartementet frå Høgre.

– Samtidig viser det at fleire og fleire brukar biodrivstoff, og dermed går prisen opp.

Nilsen meiner at dette viser at regjeringa har nådd målet om å gjere biodiesel meir konkurransedyktig.

Regjeringa har ambisjon om å auke delen biodrivstoff i vegtrafikken til 20 prosent i 2020.

Ny klimaavgift

Når Posten og Bring går tilbake til fossilt drivstoff er det venta at utsleppa kjem til å auke igjen i 2017. No krev dei, saman med NHO logistikk og transport, tiltak for å sikre satsinga på fossilfri næringstransport.

Miljøpartiet dei Grøne meiner løysinga er å leggje på ei klimaavgift på fem kroner på fossilt drivstoff

– Det må bli rimelegare å velje miljøvennlege, på same måte som det vart rimelegare å velje elbil, seier Hansson.

Han forklarar at klimaavgifta ikkje skal vere ei inntekt til staten, men at den skal delast ut igjen som ei premiering til dei som brukar minst fossil diesel.

– Løysinga til MDG er alltid å leggje på ei avgift. Det er ikkje vår løysing, seier Nilsen, som meiner det no vert viktig å få opp produksjonen av biodiesel.

AKTUELT NÅ