Hopp til innhold

Prinsesse Ingrid Alexandra rørt av talen frå foreldra

Kronprinsparet heldt ein personleg tale for prinsesse Ingrid Alexandra under konfirmasjonslunsjen på Slottet laurdag, der både gjestar og det norske folk fekk eit innblikk i private sider ved prinsessa.

Kronprinsesse Mette-Marit snakket om det spesielle båndet mellom Ingrid Alexandra og Kronprins Haakon. Her et utdrag fra kronprinsparets tale til konfirmanten.

Kronprinsesse Mette-Marit snakket om det spesielle båndet mellom Ingrid Alexandra og Kronprins Haakon. Her et utdrag fra kronprinsparets tale til konfirmanten.

Etter konfirmasjonsgudstenesta i Slottskapellet, var det lunsj på Slottet for familien, fadrar og inviterte gjestar. Der blei dei ønskte velkomen av dronning Sonja. I talen sa ho blant anna at prinsesse Ingrid Alexandra fekk ein langt enklare konfirmasjon enn bestefaren i si tid fekk. Han blei overhøyrt av biskopen aleine i ein time:

– Han har fortalt meg at han blant anna fekk spørsmål om kvar han var døypt, noko han ikkje kunne svare på i farta. Foreldra hans sat og peikte diskret ned på golvet – for å signalisere at det var nettopp der i kapellet det hadde skjedd.

Ho fortalde også at prinsessa har utvikla seg til å bli ei klok, kunnskapsrik, vakker og sosial jente med omsorg for menneske, dyr, og natur. Noko også frøarket alle gjestane i kyrkja fekk var eit eksempel på.

Dronninga takka også prinsessa for det tette og gode samarbeidet dei har hatt med Prinsesse Ingrid Alexandras skulpturpark i Slottsparken. Denne hausten blir parken ferdig med 12 kunstverk som er teikna av barn.

– Ver deg sjølv

Kong Harald, som er fadder og bar prinsessa til dåpen, fortalde at prinsessa på dåpsdagen skreik seg gjennom biskopens dåpstale i Slottskapellet, før ho sov seg gjennom kongens tale under lunsjen.

Han trekte også fram at prinsesse Ingrid Alexandra er den første arveprinsessa i Noreg sidan 1300-talet.

Ein rørt konge kom også inn på valfridomen prinsesse Ingrid Alexandra har. Sjølv om mykje er fastlagt med rolla ho er fødd inn i, så har ho, som alle andre eit handlingsrom til å fylle rolla med eige innhald, retning verdiar og måtar å leve livet sitt på.

– Denne moglegheita har også du. Og er det eitt råd eg har å gi deg både som konge, fadder og bestefar i dag – så er det dette: Ver deg sjølv. Finn din eigen veg. Alle forsøk på å vere noko anna enn deg sjølv vil bli avslørt – og vil gjere deg mindre enn du er. Stol på at du er nok!

Personleg tale frå foreldra


Kronprinsparet gav gjestane eit lite innblikk i den private prinsesse Ingrid Alexandra. Dei fortalde om ei ung prinsesse som tidleg markerte seg som ein historieforteljar med god fantasi og kreativitet.

Kronprinsesse Mette-Marit fortalde at prinsessa fekk kronprinsen til å skrive lappar for henne med meldingar om at ho var glad i mora.

Kronprinsparet med tale til konfirmanten

Kronprinsparet heldt ein svært personleg tale som rørte prinsesse Ingrid Alexandra.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Kronprins Haakon fortalde også om ei prinsesse som elskar naturen, og som uredd kastar seg ut i nye ting.

Han fortalde også at ho har mange gode eigenskapar.

– Du har ein sterk rettferdssans, eit skarpt blikk på det meste, temperament og masse humor. Du ler heldigvis mykje, og har ein smittande latter.

Prinsesse Ingrid Alexandra var tydeleg rørt over orda frå foreldra.

Prinsessa fekk gjestane til å le

Den offisielle delen av feiringa blei avslutta med prinsesse Ingrid Alexandras takketale. Ho heldt ein personleg og morosam tale som fekk mange til å le.

Ho takka foreldra for å ha gjort henne til den personen ho er i dag. Brørne Marius og Sverre Magnus blei takka for at dei nokre gongar er dei søtaste og beste brørne i verda. Medan hundane Milly og Muffins blei takka for alltid å vere dei beste hundane i verda.

Ho takka også besteforeldra for alt dei har lært henne, og for turar dei har vore på.

AKTUELT NÅ