SNART TENÅRING. Prinsesse Ingrid Alexandra saman med bestemor på julefotografering foran lysthuset i dronningparken like før jul i fjor.
NYFØDD. Dei fyrste offisielle bilda av arveprinsessa var tekne av den nybakte pappaen, kronprins Haakon.
DEN FYRSTE SOMMAREN: Storebror Marius er sju år eldre. Sommaren 2004 stilte kronprinsfamilien til fotografering heime på Skaugum.
1 ÅR: Ein blid 1-åring i januar 2005
VÅT JONSOKFEIRING: To og eit halvt år feira prinsessa jonsok med pøle i brød på Sverresborg i Trondheim. Familien var i Trondheim og feira 100 årsjubileet for kong Haakon VII's kroning.
3 ÅR: Kvar einaste 17. mai startar ho i bunad på trappa heime på Skaugum. Barnetoget i Asker marsjerer gjennom tunet og kongefamilien helser.
4 ÅR: Endå eit bursdagsbilde i snøen for januarprinsessa. Fire år gammal smiler ho erfarent til kamera.
5 ÅR OG PÅ JOBB MED MOR: Prinsesse Ingrid Alexandra var fem år då ho tok i mot Miljøagentparaden på Slottsplassen.
BRUDEPIKE: Stockholm står på hovudet og 500.000 menneske er ute i gatene når kronprinsesse Victoria gifter seg med Daniel Westling. Seks år gamle prinsesse Ingrid Alexandra er brudepike. Ho held mor og far godt i hendene på veg ut frå kyrkja.
SKULEJENTE: 19. august 2010 blir arveprinsessa skulejente. Ho går dei fem fyrste åra på barnetrinnet på Jansløkka skole i Asker.
BROR OG SYSTER: Kronprinsbarna passer kvarandre under kulturarrangement på Lom i 2011. Dei veks opp i roller ingen andre barn i Norge har.
8 år: Det var skulestreik i 2012, så prinsesse Ingrid Alexandra fekk arbeidspraksis i staden. Ho blei med mor og far på fylkestur til Møre og Romsdal. Her i Fosnavåg.
MAMMA FYLLER 40: Prinsessa las Frans av Asisis bøn under friluftsgudstenesta i dronningparken i samband med kronprinsesse Mette-Marits 40 årsdag.
10 ÅR: Storebror Marius var 17, prinsessa 10 då dei poserte på skjeret framfor sommarhuset på Dvergsøya utanfor Kristiansand. No er han 20 og flytta til USA. Ho går inn i tenåra.
FOTBALL PÅ TUNET: 11 år gammal hadde prinsessa Martin Ødegaard på laget då Team Skaugum møtte Brane Tigers i ein vennskapskamp på Skaugum Stadion.
SYSKENBARN OG VENNER: Maud Angelica Behn og prinsesse Ingrid Alexandra er gode venner - og kusiner. Her under hagefesten i stiftgårdsparken i Trondheim i samband med besteforeldrene sitt 25 årsjubileum som kongepar i Norge i fjor sommar.