Hopp til innhold

Prinsessa Ingrid Alexandra blir konfirmert

Gjestane i kyrkja fekk eit frøark med ei miljøhelsing frå prinsesse Ingrid Alexandra konfirmerte seg i Slottskapellet laurdag.

Prinsesse Ingrid Alexandra i Øst-Telemark-bunad

KONFIRMANTEN: Dei offisielle bileta av konfirmanten prinsesse Ingrid Alexandra.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Prinsesse Ingrid Alexandra blei konfirmert i Slottskapellet laurdag. Prinsessa har følgd konfirmasjonsundervisninga i Asker.

Klima og miljø er ei av hjartesakene til prinsesse Ingrid Alexandra. Fem år gamal blei ho kongeleg miljøambassadør. Det aller første offentlege oppdraget var ein kampanje for innsamling av elektronisk avfall i regi av miljøagentane.

I samband med FNs skogår i 2011 var ho med å setje ut flaggermuskasser på Skaugum, som er det området i Noreg med flest typar flaggermus.

Og i fjor var ho også gudmor for forskingsskipet «Kronprins Haakon», som blant anna skal auke forståinga av dei globale klima- og miljøutviklinga.

Miljøhelsing

I samband med konfirmasjonen til prinsessa i Slottskapellet laurdag, fekk gjestane i kyrkja ei helsing frå prinsessa. Kvar gjest fekk eit frøark der det stod:

«Når dette papiret legges i jorda, vil det med tiden vokse fram forskjellige fargerike sommerblomster. Jeg håper det kan være et fint minne, og en påminnelse om at det er bare vi som kan ta vare på jorden vår».

Prinsesse Ingrid Alexandras klimahilsen

MILJØHELSING: Prinsesse Ingrid Alexandra delte ut eit frøark med ei helsing til alle gjestane som var til stades under konfirmasjonen i Slottskapellet.

Foto: NRK

Miljøbodskapen var også ein del av preika til Oslo-biskop Kari Veiteberg under konfirmasjonsgudstenesta.

I tillegg var sametingspresident Aili Keskitalo, sokneprest Karoline Astrup i Asker og prinsesse Märtha Louise tekstlesarar.

Slampoet Evelyn Rasmussen Osazuwa og pianist Olve Flakne framførte Osazuwas tekst «Hun er syk» under gudstenesta. Osazuwa var også ein del av bokbana til kronprinsesse Mette-Marit i april.

Oslobiskop Kari Veiteberg og sokneprest i Asker, Karoline Astrup, utførte sjølve konfirmasjonen og ba for prinsessa.

Under dåpen til prinsesse Ingrid Alexandra i 2004 framførte Maria Solheim og pianist David Wallumrød songen «Jeg er i Herrens hender». Under konfirmasjonen gjentok dei denne.

Prinsessa las også «Frans av Assisis bønn» under seremonien:

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger