Hopp til innhold

«Koronakonfirmasjon» for prinsen

Prins Sverre Magnus blir konfirmert i Asker kyrkje 5. september. På grunn av koronapandemien får han invitere med seg berre 17 gjester til gudstenesta.

7lKfmLzPvbk

Prins Sverre Magnus blir konfirmert saman med ni jamaldringar i Asker kyrkje 5. september.

Foto: Lise Åserud

Det blir koronatilpassa og berre for dei næraste når kronprinsparets yngste son blir konfirmert første laurdagen i september.

Prinsen følgjer konfirmasjonsundervisninga i Asker kyrkjelyd, opplyser kongehuset på sine nettsider. 5. september blir han konfirmert saman med ni jamaldringar.

– Det blir ei vanleg konfirmasjonsgudsteneste, men på grunn av smitteverntiltak får kvar konfirmant invitere med berre 17 gjester. Det gjeld også for prinsen, seier Karoline Astrup, sokneprest i Asker.

Kontrasten er stor til storesyster prinsesse Ingrid Alexandras konfirmasjon i fjor. Den gong var nær 200 gjester til stades i Slottskapellet.

Sokneprest i Asker Karoline Astrup og preses i den norske kyrkja, Kari Veiteberg under forbøna for prinsesse Ingrid Alexandra i august 2019.

Prinsesse Ingrid Alexandra blei konfirmert i Slottskapellet i august i fjor. Karoline Astrup, sokneprest i Asker og Kari Veiteberg, preses i den norske kyrkja, leia forbøna for tronarvingen.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Privat middag

Konfirmasjonsdagen blir feira med ein mindre, privat middag på Skaugum etter gudstenesta, opplyser kongehuset på sine nettsider.

– Konfirmasjonen blir gjennomført i tråd med gjeldande smittevernreglar, med 20 gjester til den private middagen, seier kommunikasjonssjef ved Slottet, Guri Varpe til NRK.

Kongelege fadrar

Det var dronning Sonja som bar prinsen til dåpen i Slottkapellet 4. mars 2006. Ein storslegen dåp med mange kongelege gjester.

Gudmora er sikra plass på gjestelista også i konfirmasjonen, men verre er det med dei andre kongelege fadrane. Dronning Máxima kan ikkje ta turen frå Nederland slik koronasituasjonen i Europa er no. Det same gjeld for Pavlos av Hellas og Rosario av Bulgaria.

– På grunn av koronasituasjonen kjem det berre norske gjester. Dei norske fadrane er inviterte til både gudstenesta og den private middagen etterpå, seier Guri Varpe.

Delar av konfirmasjonsgudstenesta i Asker kyrkje vil bli overført på NRK1.

Prins Sverre Magnus blir døpt i Slottskapellet i 2006

Prins Sverre Magnus blei døypt i Slottskapellet 4. mars 2006.

Foto: Knut Falch / NTB scanpix

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger