Hopp til innhold

Prins Sverre Magnus konfirmert i dag

Prins Sverre Magnus er nummer tre i arverekkja og kongefamiliens store skøyar. I dag vart han konfirmert i Asker kyrkje. Prinsen fekk mellom anna kano av Stortinget og surfebrett av Høgsterett.

SJÅ VIDEO: Høgdepunkt frå prinsens konfirmasjon.

Prinsen er ein av ti ungdommar som skal bli konfirmert i Asker laurdag. På grunn av smittevern er det avgrensingar på kor mange som kan vere til stades i kyrkja.

Men feiringa etterpå blir privat.

Lista over kongelege gjestar i dåpen var lang. Men laurdag er det berre den næraste familien som kjem på ein privat middag på Skaugum.

Prins Sverre Magnus konfirmasjon
Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

Prinsen kan, som dei andre konfirmantane, berre invitere 16 gjestar til kyrkja. Forutan foreldra og søskena prinsesse Ingrid Alexandra og Marius Borg Høiby med kjærasten Juliane Snekkestad, kjem også kongeparet, mormor, tante Märtha og syskenbarnet Leah Isadora Behn.

Kronprinsesse Mette-Marit tok til tårene allereie då dei ti kvitkledde ungdommane hadde tatt oppstilling inne i kyrkja til tonane av Jan Garbareks «The Creek».

– Skal skape sine eigne liv

Kapellan Marita Elvemo Sivertsen la i sin tale vekt på korleis vi snakkar til kvarandre.

– Nokre ord bryt ned: Tankelause, kjenslelause, slemme ord, ord som sårar og skader, ord som trakkar på deg. Nokre ord byggjer opp: Venlege, gode ord som stadfestar deg, som gjer at du får mot og håp, ord som gjer at du skjønar og kjenner at du er elska.

Sivertsen viste så til likninga om den bortkomne sonen:

– Denne sonen bar på nokre ord. Han hadde tenkt på kva han ville seie til faren. Kanskje pugga han orda for seg sjølv på den lange vegen heim. Men allereie lenge før sonen når fram og fekk sagt det han hadde på hjartet, ser faren han. Og faren spring mot sonen og kastar seg om halsen på han, sa Sivertsen.

Ho snakka deretter om reisetrong og lausriving. At konfirmantane snart skal gå sine eigne vegar og skape sine eigne liv. At dei skal få moglegheiter, men òg gjere feil.

– Livet skjer. Og vi treng å vite at der er vegar heim. Vi treng å vite og kjenne at nokon vil oss vel. Vi treng å kjenne at vi blir tekne imot, også trass i det som har gått skeis, sa Sivertsen.

Etter talen song og spela lokale Asker-musikarar songen «Home to you» av den norske artisten Sigrid.

Så kom den store augeblinken då prinsen knelte framfor alteret og fekk ei hand på hovudet, medan sokneprest Karoline Astrup bad for han.

Sjølv med rykte på seg for å vere kongefamiliens store skøyar, var det ein prins prega av stundas alvor som saman med medkonfirmantane deltok på gudstenesta.

Ikkje kongeleg høgvyrde

Då prins Sverre Magnus kom til verda 3. desember 2005, blei han nummer tre i arverekkja til den norske trona.

I dåpen tre månader seinare, var blant andre dronning Sonja og dronning Maxima av Nederland som fadrar. I tillegg kom det kongelege gjestar frå heile Europa.

Prins Sverre Magnus med hunden Muffins Kråkebolle
Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix
Laurdag 5. september blir prins Sverre Magnus konfirmert i Asker kirke.

Men kong Harald, hadde allereie teke eit avgjerande val for barnebarnet. Prins Sverre Magnus skulle ikkje vere kongeleg høgvyrde. Han skulle få forme livet sitt sjølv.

Offentlege plikter

Prinsen har hatt ein skjerma oppvekst på Skaugum, som Magnus.

Ifølge kronprinsesse Mette-Marit er yngstemann også familiens store skøyar. Noko som også av og til har kome til uttrykk når han har stått på slottsbalkongen ved store anledningar.

For som prins må også han delta i offentlege plikter saman med kronprinsfamilien på turar, jubileum og nasjonaldagen.

Prins Sverre på første skoledag ved Jansløkka skole i Asker i 2011.

Mange hadde møtt fram då prins Sverre Magnus hadde sin første skuledag på Jansløkka skole i Asker.

Foto: Morten Holm / NTB Scanpix

Han har også måtte tole ekstra merksemd, som på første skuledag i 2011. Då var storesøster prinsesse Ingrid Alexandra ein del av velkomstkomiteen på Jansløkka skole i Asker.

I 2014 begynte han på den private montessoriskulen i Oslo.

Same året klipte han også si første snor. Saman med kronprinsen opna han ei utstilling om fedrar på Barnekunstmuseet i Oslo.

Prins Sverre Magnus åpner utstilling om fedre på Barnekunstmuseet i Oslo i 2014.

I 2014 opna prins Sverre Magnus og kronprins Haakon ei utstilling om fadrar på Barnekunstmuseet i Oslo. Dette var prinsens første offisielle opning.

Foto: Cornelius Poppe / NTB Scanpix

Privat prins

Den 14 år gamle prinsen har ifølge kongehuset arva faren si interesse for surfing. I tillegg skal han vere glad i å stå på ski og i sykkelsport, som BMX og cross.

Som Magnus skal han sjølv forme ungdomstida og ha eit vaksenliv utan kongelege oppgåver. Men som prins av Noreg deler han merkedagar, som når han konfirmerer seg, med nasjonen.

Prins Sverre Magnus under alpin-VM i Åre i 2019.

Prins Sverre Magnus er blant anna interessert i skisport, og særleg alpint. I 2019 var han til stades då det blei dobbelt norsk i utfor under VM i Åre.

Foto: Anders Wiklund / NTB Scanpix

Då prinsesse Ingrid Alexandra konfirmerte seg i fjor, var det med europeiske kongelege og representantar frå det offentlege Noreg på gjestelista.

Prinsessa blei konfirmert aleine i Slottskapellet. Etter konfirmasjonen var det fest på Slottet.

Dette er gåvene

Konfirmasjonsgåvene frå det offisielle Noreg gjenspeglar til dels prinsens friluftsinteresser

  • Frå Stortinget: Kano med årer og vest
  • Frå Regjeringen: Kunstverk av Morten Andenæs
  • Frå Høgsterett: Surfebrett og bok om Høgsterett
  • Frå Den norske kyrkje: Bibel i ny omsetting frå 2011
  • Frå alle landets fylkesmenn: Sovepose og liggeunderlag
  • Frå Asker kommune: Kunstverk av Magne Furuholmen

SJÅ VIDEO: Glimt frå prinsens første 14 år.

AKTUELT NÅ