Presseforbundet om Oslo-politiet: – Total mangel på respekt for offentleg innsyn

Oslo politidistrikt kjem no til å gi færre opplysningar til Politidirektoratet når politifolk skyt eller trugar med våpen. To dagar etter NRK-sak om politiskyting på Grønland, skreiv Oslo-politiet dette i brev til direktoratet.

Politiskyting Grønland - faksimilie av politidokument

ENDRAR PRAKSIS: To dagar etter at Politidirektoratet gav NRK innsyn i denne rapporten, sendte Oslo-politiet brev til direktoratet: «Oslo politidistrikt har observert at det blir gitt innsyn i vår innberetning om bruk/trussel med skytevåpen.»

– Haldninga til Oslo-politiet er veldig kritikkverdig, seier juridisk rådgjevar Kristine Foss i Norsk Presseforbund.

– Dette er veldig spesielt. Det kan lesast som om Oslo politidistrikt er snurte på Politidirektoratet fordi dei har gitt NRK innsyn, seier generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening.

Reaksjonane kjem etter at Oslo politidistrikt sendte eit brev til Politidirektoratet. Brevet blei sendt to dagar etter at NRK laga denne saka:

Vil «heretter rapportere meget generelt»

I brevet frå Oslo-politiet står det: «Oslo politidistrikt har observert at det blir gitt innsyn i vår innberetning om bruk/trussel med skytevåpen.»

Brev frå Oslo politidistrikt

BREVET: Her er brevet som presseorganisasjonane reagerer på.

Vidare i brevet står det at politidistriktet frå no vil «rapportere meget generelt på hendelseforløpet.»

Alle politidistrikta er pliktige til å rapportere om hendingar der dei har brukt skytevåpen, eller truga med det. Det er regulert i Våpeninstruksen for politiet (sjå faktaboks).

– Det er heilt openbart at Oslo-politiet vil avgrense innsyn i slike saker. Det er svært betenkeleg og kritikkverdig, seier Arne Jensen.

– Det bør vere maksimal openheit om slike saker. Politiet er den einaste samfunnsinstitusjonen som har fullmakt til å bruke vald mot norske borgarar. Oslo-politiet burde difor heller spørre seg korleis dei kan gi meir innsyn i slike saker, ikkje korleis ein kan unngå innsyn, seier han.

– Mangel på respekt

I september i fjor skaut politiet ei kvinne på Grønland i Oslo. Politiet uttalte at dei skaut kvinna fordi ho «var i ferd med å hugge mot et barn med kniv». Men så viste det seg at situasjonen var litt annleis:

Det viste seg at grunnen til at kvinna vart skoten, var at ho «agerte mot politiet».

Laster Twitter-innhold

NRK fekk delvis innsyn i politirapporten frå hendinga. I rapporten står det:

«Patruljen gikk mot adressen med skjold, publikum pekte ut riktig sted. Da patruljen var ca 5–6 m fra oppgangen kom en gutt på 5–8 år ut fra oppgangen i stor fart. Rett bak kom en kvinne med kniv.»

– Politiet skal rapportere det som er naudsynt å rapportere, ikkje tilpasse seg fordi dei fryktar offentleg innsyn, seier Kristine Foss i Norsk Presseforbund.

Ho meiner Oslo-politiet viser «total mangel på respekt for offentleg innsyn».

– Det er Offentleglova som styrer kva informasjon som skal ut, og det har jo direktoratet tatt stilling til før dei gav NRK innsyn. Det blir jo underrapportering dersom Oslo-politiet ikkje skal fortelje kva som har skjedd, seier Foss.

Politiet: «Selvsagt ingen omgåing av offentleglova»

Oslo politidistrikt avviser at dei omgår offentleglova. Dei meiner dei har rapportert for omfattande til direktoratet, og at det er det som er grunnen til at dei endrar rutinane.

Oslo-politiet vil ikkje stille til intervju, men politiinspektør Runa Bunæs skriv dette i ein e-post til NRK (les heile svaret i faktaboks):

Arne Jensen, ass.gen.sekr. Norsk Redaktørforening

Arne Jensen, generalsekretær i Norsk Redaktørforening

Foto: Norsk Redaktørforening

«Vi har erfart at tidligere rapporteringer til POD har vært for omfattende, og inkludert informasjon til bruk for andre formål. Dette kan være i strid med taushetsplikt, eller også uheldig av andre hensyn. Vi endrer derfor vår forvaltningsmessige rapportering til POD slik at den spesifikt ivaretar de krav våpeninstruksen med instrukser oppstiller for denne rapporteringen. Dette er selvsagt ingen "omgåing av offentleglova".»

Arne Jensen i Redaktørforeninga kjøper ikkje svaret frå Oslo politidistrikt.

– Det er Politidirektoratet si avgjerd om å gi NRK innsyn som er utløysande for at Oslo-politiet sender brevet. Oslo politidistrikt skal rapportere det som har skjedd. Dei kan ikkje levere vinkla eller farga informasjon. Dei skal forklare kva som faktisk skjedde. Det må også Oslo-politiet klare, seier han.

Politidirektoratet ønskjer ikkje la seg intervjue om saka. Dei har heller ikkje svart Oslo-politiet på brevet, men opplyser til NRK at dei tar det til etterretning.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger