Hopp til innhold

Haga med politisk thriller frå regjeringas indre liv

– Statsministeren er meir oppteken av å regjere enn av å styre og fornye. Det seier hovudpersonen i romanen tidlegare senterpartileiar Åslaug Haga kjem med i dag.

Åslaug Haga

Tidlegare Senterparti-leiar Åslaug Haga.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

Romanen «I de innerste sirkler» er ein politisk thriller med scener frå det indre livet i ei koalisjonsregjering som liknar på Jens Stoltenbergs andre regjering, der Haga var med.

Drag av både sex og crime

Romanen byggjer på eigne røynsler, men det meste er fantasi og dikting, seier Haga. Her er drag av både sex og crime.

Likevel er her mange attkjennelege både situasjonar og personar. I politikk og presse.

Under fiksjonens kappe boltrar Åslaug Hagas figurar seg – til dels humoristisk – med kritiske haldningar til politiske prosessar og politisk innhald. Det er ein metode til å lette på sløret utan biografisk eller dokumentarisk form.

Hovudpersonen som Haga

Hovudpersonen er ein kvinneleg senterpartileiar som også er energiminister. Nett slik Haga var.

Ho strir med ein statsminister som er meir oppteken av å ikkje skaffe seg fiendar og dermed ikkje skuve veljarar frå seg enn å gjennomføre politikk. Statsministeren erklærar at det han vil lova er at han ikkje skal koma med lovnader.

Energiministeren strir med avmakt i høve til kva ho har høve til å gjennomføre.
Finansdepartementet blir omtala som «mausoleet» – der alle gode idear blir gravlagde.

Kjende rød-grøne problemar

Me møter kjende problemstillingar hjå dei raud-grøne som drakamp om kommuneøkonomi og jordbruk. Her er partileiarane i regjeringa ustanseleg i sving i underutvalet, også kalla «Overhuset».

Hovudintriga har med oljeboring i nord å gjera – der statsministeren viklar seg inn i ein dekkoperasjon for å løyne eit oljeutslepp.

Etter kvart som farten aukar i boka, driv også statsministeren ved hjelp av PST overvaking av heile energidepartementet, og me får ein oppheita regjeringsstrid om grensene for overvaking og personvern.

I Hagas dikta regjeringa – «Allianseregjeringa» er ikkje berre dei noverande raud-grøne med, men også Kristeleg Folkeparti. Som forresten har ein singel kvinneleg partileiar som blir så plaga av pressa at det går på livet laus.

Og pressa er til evig plage for hardt pressa statsrådar – her har Haga tydelege ærend, som nok kan sporast attende til hennar eiga oppleving med brygger og stabbur.

AKTUELT NÅ