- Det finst berre eit alternativ no. Det er å få på plass eit risikotillegg, seier leiaren i Oslo politiforening, Sigve Bolstad.
Han omtalar stemninga i medlemsmssen som heilt elektrisk.
- Det går ikkje an å sjå bort i frå den enorme frustasjonen lenger, seier Bolstad.
Vil slutte
Han fryktar at endå fleire vil slutte dersom det ikkje kjem i stand ein lønsauke innan kort tid.
Berre på eitt år har talet på medlemer som har gått over til betre betalte jobbar andre stader, auka drastisk.
Stort frammøte
Det var derfor stort frammøte i demonstrasjonstoget, trass regnver. Til saman marsjertre rundt 700 polititenstemenn gjennom gatene.