Politiets charterfly måtte snu i Italia: Mangla covid 19-testar på utlendingane

Italienske styresmakter stilte ingen krav om koronatest før uttransporten, meiner Politiets utlendingseining (PU). Charterflyet med seks asylsøkjarar måtte reise tilbake til Norge 27. august i år.

Uttransport, tvangsretur, PU, Gardermoen

Det var dette flyet, ein Airbus A320, Politiets utlendingseining (PU) brukte under uttransporten. Dette biletet er frå ein anna uttransport som gjekk til eit land i Midtausten i oktober.

Foto: Olav Døvik / NRK

PU-sjef Arne Jørgen Olafsen seier dei møtte på fleire utfordringar med italienske styresmakter i forbindelse med returen.

– Det er ferie, det er språkproblem og det er dårleg bemanning. Det er liksom alt, seier Olafsen til NRK.

Dei som skulle returnerast var ein familie på seks som kom til Norge med italiensk visum. Etter Dublin III-forordninga er det landet ein kjem til først som skal behandle asylsøknaden, og det var grunnen til at dei skulle sendast tilbake til Italia.

Sidan Italia hadde sommarstengt i perioden 6. til 24. august blei det planlagt med utreise 27. august. Planen var i utgangspunktet å reise med rutefly med mellomlanding i København, men koronapandemien skapte utfordringar.

I ein politirapport NRK har fått innsyn i står det:

«Da København ble definert som «rødt område» av regjeringen, nektet Italia å godta ny ruting via Frankfurt. Denne rutingen ville ankommet Roma kl. 15.50, men for Dublin-returer krever Italia ankomst før kl. 14.00.»

Uttransporten godkjent av Italia på førehand

Ifølgje politirapporten var bruk av charterfly einaste moglegheit for å få gjennomført uttransporten innan tidsfristen for Dublin-returar.

«Konsekvensen av ikke å gjennomføre en uttransport innen «Dublin-fristen» er at Norge blir ansvarlige for asylsøknaden og den må realitetsbehandles i Norge, samt at Norge/PU blir ansvarlige for en eventuell uttransport til hjemland på et senere tidspunkt», står det i rapporten.

27. august var siste frist for retur.

Uttransporten blei godkjent av italienske styresmakter, seinast dagen før, ifølgje dokument NRK har lest. Den italienske ambassadøren til Norge stadfesta at italiensk grensepoliti ville ta imot familien.

Charterflyet tok av frå Oslo lufthamn om morgonen torsdag 27. august. Klokka 12.13 rapporterte PUs eskorteleiar at asylsøkjarane ikkje blei akseptert av italiensk politi fordi dei ikkje kunne vise til negativ covid 19-test.

Alle som skal uttransporterast må ha helsesertifikat, som politiet fyller ut.

– Våre sakshandsamarar forstod på italienske styresmakter, før avreise, at det var tilstrekkeleg. Men det viste det seg å ikkje vere, seier Olafsen til NRK.

Det kosta 490.000 kroner å leige charterflyet, ifølgje tal frå PU. I tillegg gjekk det 57.000 kroner med til overtids- og diettkostnader for PUs personell.

Arne Jørgen Olafsen, sjef for Politiets utlendingseining (PU), på desken deira på Tøyen i Oslo.

Arne Jørgen Olafsen er sjef i Politiets utlendingseining (PU).

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Fekk ikkje forlate flyet

Flyet stod på bakken i Roma i fleire timar og det blei jobba på fleire nivå for å finne ei løysing. Det blei mellom anna undersøkt om dei kunne ta ein covid 19-test på staden:

«Eskorteleder foreslo for italienske myndigheter at vi kunne fremstille familien for lege, ta en test og betale for hotell i påvente av resultat. Dette fikk vi ikke aksept for. Familien fikk ikke lov til å forlate flyet.»

– Ein kan sjølvsagt i etterpåklokskapens lys sei at vi burde forstått det og tatt ein test for sikkerheits skuld. Vi retta oss etter dei krav til helseopplysningar som er etter Dublin-forordninga, og dei var oppfylt, seier Olafsen.

Italia: Krav om testing blei innført i august

NRK har fått svar frå italienske styresmakter gjennom ambassaden deira i Oslo. I ein e-post skriv dei at tredjelandsborgarar som kjem frå Schengen-området får reise inn i Italia dersom dei legg fram eit helsesertifikat som stadfestar negativ covid 19-test.

Ambassaden opplyser at krav om testing blei innført i august og at det framleis er gjeldande.

«Tiltaket gjeld alle returer, også for dei som kjem under Dublin-konvensjonen. Det same tiltaket er vedteke av andre Schengen-land som Tyskland og Frankrike. Italia har informert alle Schengen-landene om tiltaket, inkludert Norge.»

PU-sjef Arne Jørgen Olafsen seier til NRK at dei forsøkte å få svar frå Italia:

– PU bad i forkant om konkret tilbakemelding på om det var krav om covid 19-test utan å få svar. Som sagt, i etterpåklokskapens lys, burde vi forstått det og tatt ein test for sikkerheits skuld, seier Olafsen.

Hei!

Har du eit godt tips eller noko på hjartet? Send meg gjerne ein e-post.

SISTE NYTT

Siste meldinger