Hopp til innhold

Politiet om avlysing av pride-markeringa: – Det kom ny informasjon

Det blei kaotisk då politiet måndag kveld oppmoda å avlysa pride-markeringa på Rådhusplassen. No innrømmer dei at kommunikasjonen kan ha blitt oppfatta som uklar.

To politimenn blant folkemengda på Rådhusplassen måndag 27. juni under pride-markeringa.

RÅDHUSPLASSEN: Politiet var til stades på Rådhusplassen måndag kveld. Tusenvis hadde møtt opp, trass i råda frå politiet.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

Etter mange rundar valde Oslo pride å avlysa markeringa måndag kveld etter råd frå politiet.

Stadfestinga frå Oslo pride om at arrangementet var avlyst kom berre eit par timar før arrangementet eigentleg skulle haldast.

Likevel møtte tusenvis opp på Rådhusplassen medan regnet hølja ned. Mange har kritisert at arrangementet vart avlyst kort tid føre.

Les også Opplysninger til NRK etter pride-avlysning: Politiet mangler oversikt over flere personer

Roger Berg PST

– Eg opplever at det er krevjande å formidle eit trugselbilete som utviklar seg heile tida og kor det kjem inn ny informasjon både til politiets sikkerheitsteneste og gjennom etterforskinga frå Oslo politidistrikt, sa politidirektør Benedicte Bjørnland på Dagsnytt 18 tysdag kveld.

Ho forklarer at vurderinga er gjort på stadig ny informasjon.

– Det var ei utvikling i trugselbilete. Det kom heile tida ny informasjon inn. I dette dynamiske bilete blei det etter kvart ganske tydeleg at det ikkje vil vere å anbefale at dette arrangementet som handlar om pride blir gjennomført no, seier ho.

Trugselnivået knytt til terror og ekstrem islamisme har lege på 3, men ligg no på 5 som er det høgste nivået.

Politidirektør: Trugselen er retta mot skeive

Bjørnland understrekar at trugselen er retta mot det skeive miljøet og at ho forstår at det kjennest urettferdig at ikkje andre arrangement blir avlyste.

– Det skeive miljøet er spesielt i fiendebiletet til ekstreme islamistar. Terroråtaket som skjedde natt til laurdag, der er iallfall hovudhypotesen om at dette var spesielt innretta nett for å ramme det skeive miljøet, seier Bjørnland.

– Så forstår eg at det kan bli oppfatta frykteleg urettferdig for det er andre store arrangement som ikkje handlar om pride, som ikkje handlar om LHBTQI+ eller det skeive miljøet og at dei får lov til gå utan at vi kjem med ei slik anbefaling.

På spørsmål om det var trugslar direkte mot støttemarkeringa på måndag svarer politidirektøren at dei er opptekne av å verne pride-miljøet framover.

– Nei, det er ikkje noko eg har høyrt om. Men det er det skeive miljøet og pride som vi er ekstra opptekne av å ta vare på fordi vi opplever at dei er spesielt utsette no.

Tysdag har politidirektoratet anbefalt at alle pride-arrangement blir mellombels utsette i alle politidistrikta.

– Ein uavklart trussel

NRK har stilt Oslo-politiet spørsmål om korleis kommunikasjonen mellom politiet, Oslo kommune og Oslo pride har vore i samband med arrangementet måndag.

I ein e-post til NRK skriv politiet at dei var i dialog med arrangøren av markeringa på Rådhusplassen i Oslo og anbefalte at arrangementet blei utsett inntil vidare.

Folk samla under markeringa på Rådhusplassen under paraplyar då det begynte å regna. Ein person held oppe ein plakat med teksten "You can't cancel us", eller "Du kan ikkje kansellera oss".

Folk stilte opp med plakatar og pride-flagg. Regna hølja ned på Rådhusplassen måndag kveld.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

– PST vurderer at vi framleis står i ein uavklart trusselsituasjon. Det er gjennomført ein terroraksjon, og det ligg føre ein uavklart trussel, skriv dei.

Politiet skriv også at dei kontinuerleg jobbar med å få «oversikt over aktuelle miljø og personar og avverje at nye hendingar skjer».

– PST og politiet jobbar med å få oversikt over personar vi er kjende med og personar vi ikkje er kjende med. Dette gjer at vi ikkje har full kontroll.

Fleire tusen folk samla seg på Rådhusplassen måndag 27. juni.

Bilete frå Rådhusplassen måndag viste store folkemengder.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Samstundes skriv Oslo-politiet på Facebook at dei har forståing for at kommunikasjonen kan ha blitt oppfatta som uklar:

«Vi har framleis ein uavklart situasjon. Det betyr at situasjonen kan endre seg frå minutt til minutt, time til time, og det har han gjort. Derfor har politiet sine anbefalingar også endra seg dei siste dagane, noko vi forstår kan oppfattast som uklar kommunikasjon».

Oppmoda heile Oslo om å koma

«De skeive organisasjonane inviterer til ei felles solidaritetsmarkering på Rådhusplassen måndag 19:30. Kjærleik og mangfald skal feirast, ikkje trugast til stille».

Det skreiv i Oslo pride i pressemeldinga som dei sende ut i samband med markeringa.

Då hadde dei allereie måtta avlysa pride-arrangementet som skulle arrangerast laurdag. Solidaritetsmarkeringa ville Oslo pride arrangera for å visa samhald etter dei tragiske hendingane natt til laurdag.

Spontan Pride-markering ved London Pub, lørdag 18. juni

Fleire tusen folk samla seg også i Oslos gater for å gå ruta til det avlyste pride-toget.

Foto: Mathias Moene Rød / NRK

I pressemeldinga skreiv Oslo pride at alle var hjarteleg velkomne, og skreiv vidare at politiet hadde «gitt tillating til arrangementet» og stod for tryggleiken på Rådhusplassen.

Også Raymond Johansen inviterte «heile Oslo» til arrangementet:

«Del veldig gjerne denne posten, så flest mogleg kan komme. Politiet stiller opp og sørger for at vi er trygge», skreiv han i det opphavlege innlegget sitt.

Måndag ettermiddag sa Martin Stand, leiar for felles operativ teneste i politiet, at dei hadde vore i kontakt med arrangør tidlegare.

– Då var det snakk om ei lita markering. No har det utvikla seg til ei veldig stor markering. Vi oppmodar at det ikkje blir gjennomført, sa han til NRK.

Verken Oslo kommune eller Oslo pride har ønskt å svara på spørsmål frå NRK om kommunikasjonen med politiet i dag.

Pride-markering ved Rådhusplassen. Politiet står samla.

Politiet seier at dei oppmodar til å lytta til råd gitt frå PST og politiet.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Tok del i arrangementet

Begard Reza, generalsekretær i organisasjonen Salam, tok del i markeringa på Rådhusplassen måndag kveld, trass i råda frå politiet.

– Vi følte eit ansvar for å gjera det. Vi trassa ikkje politiet. Ved begge markeringane var dialog med politiet involvert. Politiet kom med anbefalingar. Det er ikkje eit portforbod, seier Reza.

Ho seier samstundes at ho har forståing for dei som ikkje ville delta.

– Det er sjølvsagt skummelt når politiet og PST går ut slik. Eg skjønar at større organisasjonar ikkje vil ta ansvar. Då er det grasrota som må ta ansvar, seier ho.

Det var etter kvart eit folkehav ved Rådhusplassen i Oslo.

Det var etter kvart eit folkehav ved Rådhusplassen i Oslo.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Samstundes seier ho at ho ikkje veit konkret kva informasjon politiet og PST sit på.

– Men eg trur ikkje ein har eit val uansett. Det blir heilt feil å la seg stilne av terroristar. Det er hovudmålet deira, og i denne samanhengen bidrog politiet med det, legg ho til.

AKTUELT NÅ