NRK Meny
Normal

Politiet vil ha overvakingskamera i bilane

Politiet vil ta kampen mot kriminalitet eitt steg vidare og montere videokamera i politibilar. Slik kan dei lettare avsløre vald og annan krim, og sikre bevis. Slik filming tar også overvakinga av publikum eit steg vidare, meiner Datatilsynet.

Politiet i Kristiansand vil montere videokamera i politibilene, for å kunne avsløre vold og annen kriminalitet - og sikre bevis. Men de møter motbør når de vil ta overvåkningen et steg videre:

Det er politileiinga ved Kristiansand politistasjon som har tatt initiativ til å få avklart dei praktiske og juridiske sidene ved at politibilar blir utstyrt med videokamera.

Avslører vald

Innsatsleder Stig Vang i Kristiansand ser for seg at dei monterer kamera i dei bilane som patruljerer i sentrum av byen.

– Dette kan gi oss god informasjon om til dømes valdsepisodar, seier Vang til NRK.

Han trur videofilming også kan gi meir informasjon i etterforskinga i andre typer saker.

– Dersom vi skal rykke ut til ein brann, kan vi ved hjelp av videokamera fange opp alle bilar vi møter på veg til åstaden, og dette lettar arbeidet med å sjekke ut eller fange opp personer som har vore nær brannstaden, legg han til.

Han ser for seg at videokamera står fast montert i politibilane

– Vi ser for oss filminga pågår heile tida når bilen er ute på oppdrag, og at opptaket blir lagra i 24 timar.

Utilbørleg overvaking

Datatilsynet er svært skeptisk til forslage om å installere videokamera i politibilar.

– Dette meiner vi er utilbørleg overvaking av folk som oppheld seg på offentlege stader, seier direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon, til NRK.

– Folk vil fange opp mange personar som ikkje har noko i politiet sitt register å gjera.

Du og eg, men ikkje politiet

I dag kan ingen hindre alle oss andre i å montere eit kamera bak spegelen i frontruta for å filme og gjere opptak av det som blir fanga opp framføre oss. Men det er ikkje like uproblematisk at Politiet gjer det, seier Thon:

– Det skal vera ein viss terskel for at piolitiet skal filme oss, særleg med den teknologien som i dag gir sylskarpe bilete, sier han.

– Ingen av oss vanlege borgarar kan mistenke nokon eller arrestere nokon. Vanlege folk kan heller ikkje koble det video-opptaket dei gjer opp mot andre registre. Det kan politiet, og derfor er det strengare reglar for kva politiet kan gjere.

Politidirektoratet gjennomgår no problematikken rundt kameraovervakinga, og vil førebels ikkje uttala seg om innspelet frå Agder politidistrikt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger