Hopp til innhold

Politiet skuffa over Erna: – Hadde forventa meir av ein statsleiar

Lokallagsleiar i Politiets Fellesforbund meiner statsminister Erna Solberg (H) skuffar som statsleiar. Måndag avviste ho kritikken dei har fått etter at PU i Finnmark ikkje fekk informasjon om stans i asylreturar.

Lokallagsleiar i Politiets Fellesforbund Aust-Finnmark, Odd Børre Evensen, og statsminister Erna So

SKUFFA: Lokallagsleiar i Politiets Fellesforbund Aust-Finnmark, Odd Børre Evensen, er skuffa over at statsminister Erna Solberg avfeiar kritikken. Han meiner dei som faktisk skal gjennomføre utsendingane til Russland ikkje får nok informasjon.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix/Privat

– Eg hadde forventa mykje meir av ein statsleiar i denne situasjonen. At Erna Solberg seier det ho seier i dag, er skuffande, seier lokallagsleiar i Politiets Fellesforbund Aust-Finnmark, Odd Børre Evensen.

Han reagerer på at statsminister Erna Solberg avfeiar kritikken som kom i helga, etter at dei tilsette i Politiets utlendingseining (PU) i Finnmark fekk informasjon gjennom NRK om at det var stogg i asylreturen.

Sigve Bolstad

KRITISK: Leiar i Politiets Fellesforbund, Sigve Bolstad, meiner politikarane må avklare situasjonen.

Foto: NRK

Statsministeren sa til NRK måndag morgon at det ville vore meir kritikkverdig om PU i Finnmark blei informert før det offentlege.

Også leiaren av Politiets Fellesforbund, Sigve Bolstad, reagerer på uklare beskjedar frå politikarane:

– Politikarane må avklare situasjonen og syte for at dei som skal gjennomføre vedtaka veit kva dei skal halde seg til, seier Bolstad.

Russland sa stopp, men det fikk ikkje PU vite

Om lag hundre asylsøkjarar som vart plasserte på mottaksleiren i Sør-Varanger, skulle etter planen transporterast med buss til Russland i førre veke. Det var etter at det vart gjort ein avtale med Russland om at returane kunne gjennomførast med buss.

Etter mykje om og men, sa utanriksminister Børge Brende (H) laurdag at Russland no nektar å ta imot asylsøkarane som kjem over Storskog, også dei som har multivisum eller opphaldsløyve i Russland.

Det er PU i Finnmark som skal gjennomføre uttransporteringa, og dei meiner sjølv det blir vanskeleg å utføre jobben med uklare beskjedar:

– No er det slik at reglane endrar seg kvar dag, og då vert det vanskeleg å utføre jobben dei er sette til å gjere, seier lokallagsleiar Evensen.

PU i Finnmark er frustrerte

– Denne situasjonen vert meir og meir frustrerande, seier Evensen.

Kvar dag har det den siste tida kome ulike forklaringar på kvifor uttransporteringa er stogga. Det har vore alt frå bemanningsproblem, tekniske problem, mangel på bussar og dagslys.

Nestleiar i PU i Finnmark, Bjørn Taraldsen, meiner uklare beskjedar stiller dei i eit dårleg lys.

– Om ikkje politiet akkurat blir akkurat svarteper, så vert det ofte einsidig fokus i media om jobben vi gjer, seier Taraldsen.

Utanriksminister Børge Brende (H) sa til VG i helga at mykje kritikk av Russland fra norsk side, har forstyrra regjeringas arbeid med å sikre ein avtale om asylretur. Måndag avviser han at han prøvde å kneble ytringsfridomen.

Dette sa Erna Solberg i Politisk kvarter måndag morgon:

Statsminister Erna Solberg avviser kritikken knyttet til at PU i Finnmark ikke ble informert om at returene over Storskog til Russland ble stanset. – Jeg mener det hadde vært mer kritikkverdig hvis vi hadde ventet med å informere offentligheten, sier hun.

Erna Solberg i Politisk kvarter.

AKTUELT NÅ