Politiet pågreip omreisande «handverkarar» etter NRK-sak

Berre nokre timar etter at Øystein Jansen fortalde i NRK Nyheitsmorgon om omreisande handverkarar som var påtrengjande og truande, fekk politiet tips og gjekk til aksjon. Dei etterforskar no det dei mistenkjer er eit kriminelt nettverk.

Øystein Jansens - hus på Romerike

REIV NED: «Handverkerane» skulle berre vaske og male, men reiv etter kvart ned ein heil vegg på huset til Øystein Jansen

Foto: BJØRN ATLE GILDESTAD / NRK

Øystein Jansen fortalde i Nyheitsmorgon i NRK om oppsøkande handverkarar som tilbaud god pris på vask og maling av huset. Etter at han takka ja, reiv dei ned ein yttervegg dei hevda var roten, så blei «handverkarane» påtrengjande og truande og krevde ei større kontrakt og pengar på forskot.

Politiaksjon etter NRK-reportasje

Då ein radiolyttar høyrde historen, tipsa han Fair Play Bygg, ein organisasjon som jobbar for seriøse forhold i byggenæringa. Eit par timar seinare aksjonerte politiet, og ein mann blei pågripen.

Lars Mamen, dagleg leiar i Fair Play Bygg, Oslo og omegn.

FAIR PLAY BYGG: Lars Mamen, dagleg leiar i Fair Play Bygg, Oslo og omegn

Foto: BJØRN ATLE GILDESTAD / NRK

Lars Mamen, dagleg leiar i Fair Play Bygg Oslo og omegn, fekk tipset då han var gjest i sendinga.

– Straks etter at eg var i studio i NRK, blei eg kontakta av ein fortvila huseigar som lurte på eit firma som hadde oppsøkt han og selde inn oppussingstenester. Eg sjekka litt, og fann snart ut at dette firmaet neppe hadde ærlege hensikter, seier Mamen som sendte informasjonen vidare til politiet.

Politiadvokat Andreas Meeg-Bentzen ved Oslo politidistrikt stadfestar at dei etterforskar saka. Mannen som blei pågripen blei seinare sluppen fri, men saka er ikkje avslutta.

Etterforskar bedrageri

– Vi etterforskar dette som eit bedrageri mot privatpersonar, og det gjeld fleire personar som via enkeltpersonforetak framstår som profesjonelle handverkstilbydarar til forbrukarar. Det viser seg at det ikkje er det firmaet forbrukarane inngår kontrakt med. Det er ein person som ikkje har noko med firmaet å gjera.

Mange av dei som reiser rundt og gjev tilbod på arbeid, pressar folk til å inngå kontrakt og betale ut store kontant-summar. Politietterforskinga kan vera eit steg i opprulling av eit større nettverk som også inkluderer menneskehandel.

Kan vera menneskehandel

– I utgangspunktet ser vi på det som er konturane av eit kriminelt nettverk der det også er norske statsborgarar. Men det er også utanlandske aktørar her, og også innslag av utanlandsk arbeidskraft.

Politiadvokat Andreas Meeg-Bentzen i Oslo politidistrikt.

Politiadvokat Andreas Meeg-Bentzen i Oslo politidistrikt.

Foto: Gry Veiby / NRK

– Etterforskar det dette då også som menneskehandel?

– Kor vidt det er menneskehandel eller om ein utnyttar arbeidstakarar som ikkje er norske, altså utanlandsk arbeidskraft, er også ein del av etterforskinga, seier Megg-Bentzen.

Skatteetaten åtvarar

Skatteetaten har tidlegare åtvara folk mot å kjøpe slike tenester, og skattekrimsjef Erik Nilsen meiner det er viktig å sjekka omreisande «handverkarar» før ein slepp dei til.

– Vi får tips, og vi har erfaring frå saker, om at svært ofte er dette useriøst. Det blir ikkje betalt skatt og avgift, og vi får mange meldingar frå forbrukarar om at ein blir lurt. Dei har enten betalt for mykje eller får ikkje fullført jobb, eller det er ein kvalitet på arbeidet som ikkje er i tråd med det ein kan forventa, sa Nilsen til NRK i april.

Og i politiet er dei avhengige av tips for å avsløra slike saker.

– Vi utelukkar ikkje at vi i samarbeid med andre politidistrikt eller andre etatar vil aksjonera framover dersom vi får tips om at det foregår tilsvarande aktivitetar, seier politiadvokat Andreas Meeg-Bentzen i Oslo politidistrikt.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger