Hopp til innhold

Politiet og vektarane samlar kreftene

Oslo politidistrikt har inngått ein samarbeidsavtale med tryggleiksbransjen for å få ned kriminaliteten i sentrum. Prosjektet er unikt i Europa, og skal sikre publikum ein tryggare by.

Vektere og politimann
Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– Vektarane er ofte dei første som er på plass dei aller fleste stader der det skjer noko, konstaterer fagsjef for sikkerhetsbransjen i NHO Service Runar Karlsen.

Han er pådrivaren bak samarbeidsprosjektet som no blir fulgt nøye av politi og styresmakter i andre land.

Vil utnytte vektar-ressursen

Politijurist Kai Spurkland i Oslo-politiet er samd.

– Vi i politiet må utnytte denne ressursen!

Politutrykning ved Oslo S

Politiet rykker ut frå Oslo S.

Foto: Bjørn Atle Gildestad

No er tida inne for å samarbeide langt tettare, for når det skjer noko i det offentlege rom er det ofte vektarar som først observerer det. Desse observasjonane vil politiet nytta seg betre av enn det dei gjer i dag.

– Ser vektarane at det dannar seg nye miljø med kriminelle mål eller at det er ordensproblem som politiet ikkje er merksam på, er det viktig at vektarane varslar om det slik at politiet brukar ressursane riktig, seier han.

«Samhandlingsveileder»

Politi og vektere

Politijurist Kai Spurkland (t.v.) og fagsjef for sikkerhetsbransjen i NHO Service, Runar Karlsen.

Foto: Bjørn Atle Gildestad

NHO Service og politiet i Oslo har laga ein «samhandlingsveileder mellom politiet og sikkerhetsbransjen». Den viser mellom anna korleis vektarane skal notera observasjonar av narkotikaomsetning, ordensforstyrringar, vald, og annan kriminalitet slik at politiet i større grad kan etterforska framfor å legge saka til side.

Men også mindre kriminalitet skal tas på større alvor. Både vektarar og næringslivet har lenge sett seg lei på at nasking og småtjueri frå butikkar sjeldan blir etterforska og sluttført med tiltale. No skal presise observasjonar og bevissikring av vektarar, mellom anna ved hjelp av fotografering, gi politiet betre grunnlag for å etterforska.

Framleis tydeleg skilje mellom politi og vektar

Spurkland understrekar at samarbeidet ikkje inneber at vektarane blir tildelt politimynde.

Vektere Oslo S

Vektarar på Oslo S skal samarbeida tettare med Oslo-politiet.

Foto: Bjørn Atle Gildestad

– Bruk av makt er alltid eit vanskeleg område, men vektarane kan legge folk i bakken. Men det er strenge vilkår for det, og vi er ikkje redd for at vektarar utøver meir makt enn dei har lov til.

– Vi trekkjer nå klare linjer for kva dei kan gjera, og trur at det blir færre tilfelle der dei trør over grensa.

AKTUELT NÅ