Hopp til innhold

Må bruka pensjonistar og studentar i kampen mot narkosmuglarane

Politidistrikta varslar om laber grensekontroll, fri flyt av narkotika og minimalt med ressursar til å ta smuglarbakmenn. Studentar og pensjonistar må trå til i grensekontrollen på flyplassen i Bodø .

Politiet føler seg makteslause i smuglarkampen

Politidistrikta som er sentrale i kampen mot smuglinga varslar om store manglar i ressursane som må til for å ta narkotikaen og nettverka som står bak smuglinga. Politistudenten Ingrid Marie Alm (oppe til venstre) fekk lynkurs i grensekontrollering for å fylla hol i politiet sin vaktplan.

Foto: NRK / Tollvesenet

Rekordmange beslag og ein klar auke i narkotikakriminaliteten i 2012, viser statistikken som Kripos og Tollvesenet nyleg la fram.

NRK har i det siste sett søkjelys på dei nye smuglartrendene. Smuglarane blir stadig meir utspekulerte i sine måtar å få stoffet inn i Noreg på. I tillegg dukkar det opp nye, livsfarlege narkotiske stoff som ikkje gir utslag på radaren hjå grensekontrollen.

Kor godt kjenner politiet seg rusta til å møta desse nye utfordringane og stoppa narkotikaen som kjem inn mot Noreg sine grenser?

På førespurnad frå NRK tok Politiets fellesforbund (PF) kontakt med eit knippe lokallagsleiarar i aktuelle politiditrikt.

Tilbakemeldingane er nedslåande, fortel fungerande PF-leiar Sigve Bolstad.

Pensjonistar og studentar i smuglar-kampen

Sigve Bolstad

– Kapasiteten til politiet står på ingen måte i stil med omfanget av smugling som problem, seier, Sigve Bolstad, fungerande leiar i Politiets fellesforbund.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

– Politiet i grensekontrollane slit med bemanninga og manglar ressursar til å vera til stades der smuglarane kjem inn. Ofte har dei heller ikkje kapasitet til å følgja opp sakene etter ein arrestasjon, seier Bolstad.

Her kan du lesa nokre av tilbakemeldingane frå lokallagsleiarane i politiet:

  • «Vi har hatt problemer med å stille med mannskaper til disse kontrollene (ved Bodø lufthavn, journ.merk.)og har hatt opplæring og egne avtaler for sivilt tilsatte, studenter og pensjonister for å få disse gjennomført».
  • «Salten PD har ikke god nok kontroll med mannskaper og sjødelen av Schengenkontrollen» - Salten politidistrikt.
  • «Distriktet sliter med økende antall reisende og vanskelig å plukke ut smuglerne. Man håndterer det tollerne tar, og får ikke tatt bakmennene» - Østfold politidistrikt.
  • «Torp er vel det stedet i Vestfold som det har sluttet flest uten at man har satt inn nye medarbeidere (..) de som jobber der syns at de er altfor tynt bemannet og at de ikke får tatt tak i alt det de hadde ønsket» - Vestfold politidistrikt.
  • «(..) de kan kontrollere togene fra Sverige til Norge hver dag / mange ganger om dagen og avdekke mye ulovlig (..), men at det ikke er ressurser i politidistriktet til å håndtere disse sakene» - Hedmark politidistrikt.
Ingrid Marie Alm er politistudent i Bodø

Ingrid Marie Alm (25) er politistudent og jobba tre månader som grensekontrollør ved Bodø lufthamn i fjor.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

Studentar får lynkurs

– Det var stort sett studentar, pensjonerte politifolk, arrestforvararar og sivilt tilsette ved politistasjonen som jobba i grensekontrollen, seier Ingrid Marie Alm i Bodø.

25-åringen er ein av mange politistudentar som har hjelpt til i grensekontrollen på flyplassen i Bodø, ein av mange stader der politidistrikta manglar folk.

Ifølgje Politihøgskolen skal grensekontrollørane bidra til å avdekkja ulovleg innvandring og grenseoverskridande kriminalitet. I Bodø landar det blant anna passasjerar som kjem frå Tyrkia og Polen, både med charter- og rutefly.

– Eg fekk eit Schengen-kurs som gjekk over ein eller to dagar, der eg blant anna lærde meg kva land som er innanfor og utanfor Schengen-området, korleis ein avslører falske pass, og korleis ein brukar datasystem til å sjekka mistenksame personar for visum og opphaldsløyve, fortel 25-åringen.

Flyplassen i Bodø er ein av mange stader der politiet manglar ressursar til å bemanna grensekontrollen.

Politiet i Trøndelag sa også nyleg til NRK at dei ikkje har sjanse til å stoppa narkotrafikken på Trondheim Lufthamn Værnes. Der har talet på narkobeslag auka frå 30 i 2008 til 164 i 2012, medan ressurstilførsla har stått på staden kvil. På ettermiddagar er talet på grensekontrolllørar null.

Greier ikkje å ta bakmenn

Særleg betre står det ikkje til i Østfold, som spelar ei spesielt viktig rolle i kampen mot narkosmuglarane.

Fylket har ansvaret for dei store grenseovergangane til Sverige og 12-15 millionar grensepasseringar i året. Via Svinesund på E6 og Ørje på E18 går den største narkotikatrafikken til Noreg.

Østfold politidistrikt stadfestar at forvaltinga av grensekontrollen stadig blir meir ressurskrevande.

Tommy Brøske

Tommy Brøske er leiar for felles etterforskingseining i Østfoldpolitiet.

Foto: Martin Tangen Schmidt/NRK

– Ja, me merkar at det har blitt meir utfordrande. Me har ei viktig oppgåve på nasjonalt nivå og ønskjer å hengja med i utviklinga av smuglarmetodar og rutevariasjon for å ta fleire. I tillegg meiner me det er viktig å koma seg vidare frå berre å ta kureren til å ta bakmenn, mottakarar og leverandørar. Då er ressursar av vesentleg betyding, seier leiar for felles etterforskingseining i Østfoldpolitiet, Tommy Brøske.

Østfold har som mål å ta bakmennene i 30 prosent av sakene, eit mål dei ikkje har klart dei siste tre åra - i mange tilfelle fordi ressursane ikkje strekkjer til.

For å dra i land dei største fiskane, trengst det nemleg både gode etterforskarar med erfaring frå nedkjemping av organisert kriminalitet, oppfølging nærmast døgnet rundt, innhenting av etterretningsinformasjon og tett samarbeid i alle ledd.

– Me må avsløra kureren og få han til å samarbeida. Det vil dei sjeldan, dermed må me følgja etter dei til mottakaren, eller skaffa bevis mot mottakaren gjennom langvarig etterforsking. Det krev eit stort apparat, fortel Brøske.

Kva kunne politiet fått til med meir ressursar?

– Då kunne me ha blitt meir effektive i kampen mot narkotika: avslørt fleire bakmenn, mottakarar og eventuelt leverandørar . Me kunne i større grad ha teke smuglinga ved rota og fått bukt med dei som livnærer seg og tener store pengar på denne kriminaliteten.

(Saka held fram under biletet)

Grensen ved Svinesund

Mange av dei største beslaga blir gjort i Svinesund-tollen. Blant fjorårets største var 220 kilo hasj på ein nederlandsk trailer og 160.000 narkotiske tablettar i taket på ein bil.

Foto: Rainer Prang / NRK

– Me slit veldig

Agder-fylka er ein viktig landgang for narkotika som kjem sjøvegen til Noreg. Dopen er ofte skjult i store øst-europeiske vogntog som kjem med fergene frå Danmark over Skagerrak, eller den blir frakta i småbåtar.

Som i Østfold har politiet i Agder eit sterkt ønske om å ta fleire bakmenn. Men også her set sparekniven ein stoppar for ambisjonane.

Arne Pedersen, Agder polidistrikt

- Det er meir narkotika i omløp enn nokosinne, seier kriminalsjefen i Agder politidistrikt, Arne Pedersen.

Foto: Håkone Eliassen/NRK

– Me slit veldig når det kjem til ressursar. Me får ikkje øyremerka tilstrekkeleg kapasitet til å kunne slå tilbake mot den negative utviklinga innan narkotikasmugling, seier Arne Pedersen, kriminalsjefen i Agder politidistrikt.

I fjor måtte distriktet nedbemanna med 30 stillingar. Trange budsjett førere til mindre etterforskingskapasitet. Det går ikkje smuglarane hus forbi.

– Det flyt med narkotika i distriktet. Det skjer stadig at me tilfeldig ramlar over store narkotikabeslag når me er ute på andre saker. Det er meir narkotika i omløp enn nokon gong, seier Pedersen.

Han ser at smuglarane har blitt svært profesjonelle, med velorganiserte multikriminelle og multinasjonale nettverk i ryggen, og meiner politiet må svara med same mynt.

– Me må ha spesialiserte etterforskarar med smugling og omsetjing av narkotika som ei enda sterkare prioritert hovudoppgåve. Å ta bakmenn krev innsats retta mot eitt miljø, ofte over fleire månader eller år. Me treng vidare rammer for å få til eit meir slagkraftig og målretta fokus på narkotikasmugling og omsetjing.

– Står ikkje i stil

Sigve Bolstad i Politiets fellesforbund meiner det er bedrøveleg å høyra at mange politifolk vurderer sitt eige politidistrikt som nærmast eit «eldorado for smuglarar».

– Kapasiteten til politiet står på ingen måte i stil med omfanget av smugling som problem. Kampen mot narkosmuglarane er svært ressurskrevande. Skal ein i tillegg greia å ta bakmennene, krev det både at me er til stades og at me har topp kompetanse og utstyr, seier han.

Ifølgje forbundsleiaren står politidistrikta dagleg overfor overfor store dilemma, og at dei må leggja innsatsen etter kva dei har av ressursar. Frustrasjonen er stor når dei sit på kunnskap og informasjon om kvar og kva tid narkotikaen strøymer inn til Noreg, men ikkje har hender til å stoppa det.

– Alt kokar ned til eit spørsmål om ambisjonsnivå. Er det greit at grensene er såpass opne som dei er no? Eg tykkjer det er trist om det skal vera fritt fram, seier Bolstad som meiner sjansen for å bli teken må bli betrakteleg større enn han er i dag.

Justisdepartementet: – Politimeistrane sitt ansvar

NRK.no har konfrontert Justisdepartementet opplysningane frå politiet, og får følgjande svar på e-post:

«Statsbudsjettet for 2013 ble vedtatt for en måned siden. Politidirektoratet fordeler så de bevilgede midlene på de 27 politidistriktene og politiets særorganer. Den enkelte politimester har ansvar for hvordan de bevilgede midlene skal disponeres».

Ifølgje Justisdepartementet har politibudsjettet auka med 32 prosent sidan 2005.

«Til sommeren legges det frem en politianalyse det der det blant annet vurderes om sentrale administrative ressurser kan omdisponeres for å gi mer politikraft ute i distriktene. Analysen utgjør grunnlaget for en langsiktig plan for politiet som legges frem i forslaget til statsbudsjett for 2014», skriv departementet.

AKTUELT NÅ