Politiinspektør Iver Stensrud ved Oslo politikammer seier at politiet no har kome så langt ut i etterforskinga, at ein dusør no bør vurderast som eit hjelpemiddel for å få løyst saka.
Tidlegare i dag gav både Oslo kommune og Kulturdepartementet uttrykk for at dei ikkje vil løyve pengar til en dusør. Dei meiner politiet har ansvaret for korleis eventuelle forhandlingar med ranarane skal gå føre seg.
Politiet har tidlegare sagt at når ein utlovar ein dusør, får ein ikkje berre tips frå dei med idealistiske grunnar, men også frå privatpersonar med personlege økonomiske interesser. Og desse tipsa er ikje alltid like gode.
Politiinspektør Iver Stensrud trur ikkje dusøren på 100.000 kroner som vekebladet Se og Hør har utlovd er nok til å få tilbake dei to måleria, men at summen kan føre til at det kjem inn viktige tips.
Stensrud er kritisk til at private aktørar skal gå inn i etterforskinga på denne måten, men vonar at dei vil gi alle opplysningar dei får inn vidare til politiet.