Hopp til innhold

Politiet har funne foreldra til 25 av 28 barn etter Kabul-evakuering

Berre fire barn har fått møte foreldra sine igjen. Dei fleste av dei evakuerte barna har afghanske foreldre som er igjen i Afghanistan. Det er uvisst når eller om dei får møte kvarandre igjen.

ID-avklaring, barn Kabul.
Politioverbetjent Tor Kallmyr (th). Egon Husabø Kvigne, som fungerande leiar for etteretningsseksjonen i PU (tv).

LEIAR IDENTIFISERING: Frå dette rommet på Tøyen i Oslo jobbar politiet med å identifisere dei evakuerte Afghanistan-barna, og finne fram til foreldra deira. Tor Kallmyr (til høgre) er etterforskingsleiar og Egon Husabø Kvigne er fungerande seksjonsleiar i Politiets utlendingseining (PU).

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

I eit lite rom i lokala til Politiets utlendingseining (PU) på Tøyen i Oslo har etterforskarar jobba med å identifisere dei evakuerte Afghanistan-barna.

Totalt 28 barn har blitt evakuert til Noreg utan foreldra. Dei fleste av dei blei sett på flyet ut frå Kabul utan at identiteten deira var avklart, og utan at politiet hadde informasjon om kven foreldra var.

Politiets utlendingseining (PU), med hjelp frå Kripos, har no klart å identifisere 25 av dei 28 barna, men i tre saker står politiet igjen med få spor.

PU - evakuering av barn

Det er sett ned ei eiga gruppe som jobbar med å etterforske og avdekke identiteten til dei evakuerte barna og foreldra deira.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

– No har vi nettopp sendt ut ei etterlysing, seier politioverbetjent Tor Kallmyr.

Etterforskingsleiaren jobbar til dagleg med drapssaker i Kripos, men no hjelper han til i arbeidet med å identifisere dei evakuerte Afghanistan-barna.

På dataskjermen har han oppe eit bilete av ei tre månader gamal jente. Politiet har ingen informasjon om kven ho er.

– Jobben som blir gjort her kan ein samanlikne med eit stort puslespel. Her samlar dei inn og systematiserer all informasjonen vi har, seier Egon Husabø Kvigne, som fungerande leiar for etterretningsseksjonen i PU.

Lone Dorthea Austad, politioverbetjent, Kripos

Lone Dorthea Austad, politioverbetjent i Kripos, seier fleire av barna har blitt identifisert gjennom såkalla ansiktssamanlikning. Bileta blir analysert gjennom eit avansert datasystem og vurdert av spesialistar i Kripos.

Foto: SIMON SOLHEIM / SIMON SOLHEIM

Slår tilbake mot evakueringskritikk

Måndag 16. august reiste fire medarbeidarar frå Politiets utlendingseining til Kabul. Saman med personell frå Forsvaret og Utanriksdepartementet (UD) leia dei arbeidet med evakuering frå Afghanistan til Noreg.

– Dei som var på bakken i Kabul stod i mange etiske utfordringar og dilemma, seier politiinspektør Håvard Bekk.

Det var hans folk, saman med personell frå Forsvaret, som skulle avgjere kven som fekk vere med evakueringsflya og ikkje. Regjeringa hadde gitt politifolka som var i Kabul fullmakt til å treffe såkalla «de facto» avgjerd om innreise.

– Du kan sjølv tenke deg korleis det er å seie ja til han og nei til han. Dei fronta avgjerdene og fekk alle reaksjonane der og då, seier Bekk.

Han fortel at dei fleste av dei evakuerte barna hadde vore innom feltsjukehuset som Forsvaret drifta inne på flyplassen i Kabul.

– Det var ingen alternativ. Disse barna måtte anten evakuerast av oss eller av andre land, seier Bekk.

Håvard Bekk

Håvard Bekk, seksjonsleiar i PU, seier det ikkje var andre alternativ enn å ta barna til Noreg.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

– Mange har kritisert avgjerda om å frakte disse barna til Noreg utan foreldra. Kva meiner du om det?

– Det er forskjell på å stå midt oppi ein situasjon og måtte ta avgjerder i ein akutt situasjon, kontra å sitje i Noreg og meine mykje. Det er ein viss forskjell på det, seier Bekk.

– Dette var ein kaotisk situasjon, legg han til.

– Har dokker vore med på noko liknande?

– Nei. Eg har i alle fall aldri vore med på noko i nærleiken av ein slik operasjon. Vi har gått opp vegen medan vi har jobba, seier han.

Fleire barn blei løfta over murane på flyplassen i Kabul.

15 barn har foreldre i Afghanistan

Arbeidet med å identifisere dei Afghanistan-evakuerte barna har fått namnet «Operasjon Reunite».

Fire barn er attendeført til foreldra i Noreg. I to av disse saker var foreldra i Noreg, som i saka til fire år gamle Asia. I to andre saker blei barna transportert ut frå Kabul før foreldra, men foreldra blei evakuert nokre dagar seinare.

I dei fleste sakene der politiet har klart å spore opp foreldra, er foreldra andre stader på kloden:

  • 15 barn har foreldre i Afghanistan
  • To brør har foreldre i USA
  • Eitt barn har ein forelder i Qatar og ein i Afghanistan

I tre saker står politiet framleis utan spor.

ID-arbeid, barn, Kabul

Etterforskarane fører oversikt over kven av barna som er identifisert og kven som har blitt ført tilbake til foreldra og ikkje.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Fortalte at begge foreldra er drepne

– Hovudmetoden er informasjonsinnhenting, seier Håvard Bekk.

I fleire saker har dei fått hjelp av sosiale medium eller av bilete dei har funne i forbindelse med etterlysing av barna.

– Vi har også nytta oss av ansiktssamanlikning. Vi har sjølv teke bilete av disse barna og samanlikna med bilete vi har fått frå dei vi trur er foreldra. Dei barna som er attendeført med foreldre har vi teke DNA-test av, seier Bekk.

Håvard Bekk

Seksjonsleiar Håvard Bekk på besøk hos etterforskarane som jobbar med å finne foreldra til dei evakuerte barna.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

I fleire av sakene har politiet kunne avhøyre barna og dermed få god hjelp til å kome i kontakt med foreldra, men dei fleste barna er så små at det har vore vanskeleg å få noko informasjon.

Han kan ikkje svare på om disse barna får møte foreldra sine igjen og at kva som vil skje vidare er noko som må avklarast saman med utlendingsstyresmaktene og barnevernet.

– Eitt av barna som er henta har fortalt at begge foreldra er drepne i Afghanistan, men dette er informasjon vi ikkje har greidd å verifisere, seier Bekk.

Bilde av norsk soldat med barn i armene.

Dette biletet viser ein liten baby i hendene på ein norsk soldat på veg ut av Kabul.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT