Hopp til innhold

Politiet etterlyser 22-åring – sakna sidan søndag

Oslo-politiet leitar etter ein 22 år gamal mann som har vore sakna sidan søndag morgon. – Vi har ingen spor å gå etter, seier politiet.

Den unge mannen vart sist sett av ein drosjesjåfør, som slapp han av i krysset Skippergata/Karl Johans gate søndag 29. mars ved sekstida på morgonen.

– Han er sporlaust borte. Siste aktivitet på mobilen hans var klokka 05.31 søndag morgon, og sidan har den vore ute av mobilnettet. Det har heller ikkje vore aktivitet på bankkortet hans sidan den tid, seier vaktleiar Roger Hjertø på Kriminalvakta i Oslo politidistrikt.

Både familien og politiet ønskjer offentlegheit rundt forsvinninga, sidan det ikkje finst nokon spor etter den sakna.

Sakna i ei halv veke

Oslo-politiet gjer no det dei kan for å finne 22-åringen.

– Vi har forsøkt å finne elektroniske spor, men har ikkje lukkast med det. Vi jobbar no med å hente inn overvakingsvideoar frå det aktuelle området då han vart sett sist, seier Hjertø til NRK.

Politiet opplyser til NRK at dei ikkje har nokon som helst teori om kva som kan ha skjedd.

– Han blir skildra som ein heilt normal gut. Han hadde vore på fest, og var på veg heim, seier Hjertø.

Er han kjent av politiet frå før?

– På ingen måte. Det er ikkje registrert nokon saker på han i våre system. Det er fortvilande å ikkje ha noko som helst utgangspunkt. No har han vore sakna i ei halv veke, seier vaktleiaren.

– Vi veit fortvilande lite

Politiet ønskjer no å kome i kontakt med personar som kan ha sett den sakna, eller som var i området Skippergata/Karl Johans gate tidleg søndag morgon.

– Vi veit fortvilande lite, så difor håpar vi at nokon kan ha sett han, seier Hjertø til NRK.

Den sakna var iført ei brun stoffjakke, ei mørk hua og mørke bukser. Etter at han gjekk ut av drosja ved sekstida søndag morgon, gjekk han ned Karl Johans gate mot Oslo S.

Politiet opplyser at vitne kan melde seg til Kriminalvakta på telefon 22 66 99 66.

AKTUELT NÅ