NRK Meny
Normal

Politidirektøren meiner færre politidistrikt gir desentralisert kompetanse

– Den nye politireforma vil gi ei desentralisering av kompetanse og kvalitet, sa politidirektør Odd Reidar Humlegård då han la fram planane for politireforma i dag. 12 politidistrikt skal erstatte dei 27 distrikta vi har i dag.

Politidirektør Odd Reidar Humlegård.

Politidirektør Odd Reidar Humlegård på pressekonferansen i ettermiddag.

Foto: NRK

– Dei minste distrikta vinn mest på det som å bli ein del av større politidistrikt. Vi kjem til å vere meir til stades også der det bur få menneske, sa han blant anna på ein pressekonferanse i dag.

Humlegård sa at politiet skal bli meir synleg, trass i at det også blir langt færre lensmannskontor. Politidirektøren sa også at han eigentleg ynskte 10 politidistrikt, men at det var politiske omsyn som gjorde at Møre og Romsdal blir eitt politidistrikt og at Finnmark likevel ikkje blir delt i to.

– Lever godt med 12

– Men eg lever godt med 12 politidistrikt, sa han blant anna. Opphavleg ville leiinga i politiet ha berre seks politidistrikt. Politidirektøren minte om at det for 20 år sidan var heile 54 politidistrikt her i landet.

Han sa også at dei lokale lensmannskontora skal slåast saman og ikkje leggjast ned. Men kontor skal ikkje leggjast ned før vi ser at det vil gi oss betre polititeneste.

Humlegård sa også at det vil bety mykje for gode polititenester at fagmiljøa no blir større og sterkare. Han trur det blir mindre avstand mellom leiarar og medarbeidarar. Alle politidistrikta vil no få kapasitet som tidlegare berre var å finne i politiet sentralt, og for første gong skal dei organiserast på same måte.

Arbeidet med å avgjere kvar dei nye politidistrikta skal ha hovudseta sine, korleis dei skal organiserast og fordeling av arbeidsplassane, er også godt i gang.

Tilsetjing i oktober

Dei nye politimeistrane vil bli utnemnde i oktober, og dei skal vere operative frå 1. januar 2016, sa han på pressekonferansen. Desse stillingane blir lyste ut i løpet av komande veke.

– Politiet skal bli meir synleg, og vi skal bruke meir tid på politiarbeid. Vi skal bruke mindre ressursar på at små kontor skal vere opne for publikum nokre timar kvar dag, la Humlegård vekt på.

Han vedgjekk at det er mykje som skal på plass før dei nye politidistrikta er oppe og står, men at resultatet kjem til å bli bra.

Vil kjempe for lensmannskontor

Vel å sjå positivt på politireforma

Betre teknologi

Nyorganiseringa vil bety at politiet no skal få betre arbeidsverktøy på det teknologiske området. Dette skal gjere at politifolk blir i stand til å jobbe endå meir ute for å kjempe mot kriminalitet eller å førebyggje.

Odd Reidar Humlegård var tydeleg nøgd med den breie støtta denne reforma har fått i det politiske miljøet. Han rosa stortingspolitikarane for at dei har gitt grønt lys for ei vidareutvikling av norsk politi.

– Eit samla storting har vist at dei har eit høgt ambisjonsnivå på vegner av innbyggjarane, sa politidirektøren blant anna. Han konstaterte også at politiet no har fått det økonomiske handlingsrommet dei treng for å gjennomføre den krevjande omorganiseringa.

– Politireforma startar i heilt feil ende

Vel å sjå positivt på politireforma

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger