Hopp til innhold

Politibil krasja under utrykning

Ein polititenestebil kolliderte under utrykking ved Skedsmo kyrkje onsdag kveld.

Politibil krasja

UTFOR: Ein polititenestebil hamna utfor vegen på riksveg 120 onsdag kveld etter ein samanstøyt med ein annan bil.

Foto: Remi Presttun

– Kvifor dei to bilane kolliderte veit vi ikkje enno, men saka vil bli etterforska på vanleg vis, seier Peter Ristan, politiadvokat ved Romerike politidistrikt.

Politibilen er eit vrak

Det var Romerike blad som først fortalde om at polititenestebilen og ein personbil hadde kollidert på riksveg 120 ved Skedsmo onsdag kveld.

– Det var to polititenestemenn i politibilen og ein annan person i privatbilen som var involverte i kollisjonen. Dei er sende til sjukehus med lettare skader, seier Ristan.

Det har vore ein veldig samanstøyt, for politibilen er eit vrak etter krasjen.

– Politibilen er hardt skadd, og truleg er den no eit vrak, seier Ristan.

Hendinga vil bli etterforska av Romerike politidistrikt.

– Vi har varsla spesialeininga for politisaker slik vi skal etter slike hendinga. Sidan det berre er snakk om lettare personskadar, vil ikkje dei ta over etterforskinga, seier politiadvokaten.

Skal gjere avhøyr på sjukehuset

Politiet har arbeidd på staden sidan hendinga skjedd halv sju onsdag kveld, men vegen skal vere open for fri ferdsel.

– Vi har også avhøyrt vitne på staden, og politiet er på veg til sjukehuset for å ta avhøyr av dei som var med i hendinga, fortel politijuristen.

Polititenestebilen var på utrykking då ulukka skjedde, og den møtande bilen hadde ikkje noko med dette oppdraget å gjere.

– Nei, dei var på veg til ei sak, og den andre bilen var utanfor dette.

Kor tid politiet kan seie noko om meir om saka, veit Ristan ikkje onsdag.

– No skal vi gjere avhøyr, etterforske og deretter konkludere. Kor tid det skjer kan eg ikkje svare på no.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger