Hopp til innhold

Politi og asylsøkjar kasta ut av fly - for andre gong

For tre veker sidan blei asylsøkjaren Salar Khezr (38) og to politimenn kasta av flyet då han skulle tvangssendast til Iran. I går prøvde politiet igjen å sende han ut. Også denne gongen enda det med tumultar - og Salar og politiet blei igjen kasta av flyet.

Salar Khezar, på Trandum og venter på uttransportering til Iran.

Politiet har to gonger forsøkt å uttransportere Salar Khezr frå Noreg, men begge gongane har flypersonell nekta han og politiet å bli med.

Foto: Privat

– Vi kan stadfesta at ein planlagt uttransportering av utlendingen blei avbroten, seier Daniel Drageset til NRK, kommunikasjonsrådgjevar ved Politiets utlendingseining (PU).

Det var onsdag føremiddag fleire politifolk fulgte Salar Khezr ombord i et Pegasus-fly. Kapteinen bortviste politiet og Khezar.

Salar Khezr er ikkje tilgjengeleg for NRK, men han har gitt Saman V. Darbandi fullmakt til å uttale seg på hans vegne.

– Også denne gongen blei Salar, som ropte og protesterte, ført heilt inn i flyet før situasjonen tilspissa seg, seier Darbandi.

Kva seier Khezr sjøl var årsaka til at han begynte å opptre utagerende?

– Når fire politifolk sit oppå beina og armane hans og det gjer fysisk vondt, så er roping og skriking ein naturleg reaksjon. Det einaste han har gjort er å forsvara seg ved å skrike etter Jesus og rope på hjelp.

– Har Khezar sagt noko om kvifor han fryktar å bli sendt til Iran?

– Han seier han er redd for å bli drept og torturert.

Stadfestar

Politiet ønskjer ikkje å gå i detaljar om hendinga.

Saman V. Dabandi

Saman V. Darbandi er asylsøkjarens fullmektig.

Foto: Privat

– Generelt kan vi si at Politiets utlendingseining alltid gjer det vi kan for å gjennomføre uttransporteringar på ein human og verdig måte, seier Håvard Bekk, sjef ved seksjon for ID-avklaring i PU. Han uttalar også:

– Vi har forståing for at utlendingar med ulovleg opphald ofte ikkje ønskjer å forlate Noreg, og det er i vår interesse å minimere eventuelle belastningar ei uttransportering kan innebere. Dette gjeld særleg ved uttransportering av personar i sårbare grupper, herunder utlendingar med svekka helse.

Avdelingsleiar Knut Wold i Spesialeininga for politisaker stadfestar overfor NRK at det kom meldingar til etaten etter den fyrste episoden på Gardermoen 11. september.

– Vi har oppretta sak, og foretatt nokre undersøkingar. Vi vurderer om det er rimeleg grunn til å undersøke om det har skjedd ei straffbar tenesteutøving og om saka skal etterforskast, seier han. Dette vil ta noe tid.

Hittil i år har 11 uttransporteringer blitt avbrotne etter at flykapteinen har bede om at utlendingen forlet flyet, opplyser Politiets utledningseining til NRK.

– Det er ulike årsaker til at dette har skjedd, men generelt kan vi sei at utlendingar si åtferd har vore medverkande til at flykapteinen har avbrote desse uttransporteringane, seier kommunikasjonsrådgjevar Drageset i PU.

«Nei, eg vil ikkje til Iran!»

Bakerste rad Turkish Airlines

Feri Gaulin har vore i avhøyr hos Spesialeininga for politisaker etter at ho klagde på politiet si handtering av ein asylsøkjar på Gardermoen.

Foto: Feri Gaulin

Etter det fyrste forsøket på å tvangsutsende Salar Khezr, sto flypassasjeren Feri Gaulin fram og fortalde NRK om det ho meinte var ei brutal handtering fra politiets side under uttransportering av asylsøkjaren som hadde fått avslag på søknaden sin.

«Nei, eg vil ikkje til Iran! Eg vil ikkje dit for dei skal drepa meg!», skreik han ifølgje Gaulin.

AKTUELT NÅ