Politihøgskulen protesterer på detaljstyring frå regjeringa

Politihøgskulen vil sjølv bestemme korleis dei skal kutte i talet på studentar. I dag sendte dei eit protestbrev til regjeringa.

Hans Vik

KJEM FOR NÆRE SJØLVSTYRET: Hans Vik og høgskulestyret ved Politihøgskulen meiner at regjeringa kjem innpå det som er deira sjølvstyre, når dei blanda seg inn i kor det skal bli kutta i talet på politistudentar.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Vi meiner at regjeringa har gått for langt inn på det som er vårt sjølvstyre, og då må vi seie ifrå, seier styreleiar ved Politihøgskulen Hans Vik.

Talet på politistudentar her i landet skal ned frå 550 til 400, spørsmålet no er kva for ein av dei tre politihøgskulane som skal bli råka av dette kuttet.

Allereie i april vedtok styret ved politihøgskulane at det var ved studiestaden Stavern at dette kuttet måtte kome. Dette ville ha betyd at den politihøgskulen var lagt heilt ned. Argumentet til styret har vore at det er ein liten studiestad, og at han dessutan berre vart oppretta mellombels i 2010, fordi det då var ei auke i talet på studentar.

Men i årets statsbudsjett kom regjeringa med ei stor overrasking: heile kuttet skal kome på politihøgskulen i Oslo, noko som ville ført til at det var under 100 politistudentar att i hovudstaden.

– Vi er ikkje einig i at regjeringa og departementet kan gå inn og detaljstyre vår verksemd på den måten dei no gjer, seier styreleiar Vik.

Onsdag vedtok høgskulestyret ved Politihøgskulen å sende eit brev til justisdepartementet, der dei gir klar beskjed om at dei tykkjer regjeringa har gått for langt i å gripe inn i deira sjølvstyre.

Førsteamanuensis og tilsettrepresentant i høgskulestyret Henning Kaiser Klatran meiner at denne saka er viktig, fordi det kan få konsekvensar også i andre saker, dersom sjølvstyret til Politihøgskulen blir svekka.

– Dette kan få konsekvensar og i andre saker, fordi det handlar om kor grensene for høgskulen sin sjølvstyre skal gå, seier Klatran.

Opplæring arrestasjonsteknikk

ARRESTASJONSTEKNIKK: Studentane lærer å legge ein person i bakken, utan skader.

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

Kan råke tryggleiken

På politihøgskulen i Oslo sit politistudentane i ein ring på golvet når Førstelektor Anders Lohne Lie demonstrerer korleis ein skal arrestere folk ved å leggje dei i bakken.

Forsking på korleis ein gjer dette på ein trygg måte er noko av det han meiner kan bli råka dersom det kjem store kutt ved Politihøgskulen i Oslo.

Lie meiner nemleg at kuttet regjeringa legg opp til gjer at fagmiljøet i Oslo blir for lite, noko som kan få følgjer, blant anna for tryggleiken ved pågripingar.

I ytste konsekvens vil det vere fare for alvorlege skader eller død, viss vi ikkje får gjort opplæringa grundig, skikkeleg og påliteleg, seier Lie.

Anders Lohne Lie, førstelektor Politihøgskolen

ÅTVARAR: Fagmiljøet kan bli for lite, meiner førstelektor Anders Lohne Lie

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

Og også førsteamanuensis ved Politihøgskulen i Oslo Hjørdis Birgitte Ellefsen meiner at det kan få dramatiske konsekvensar dersom talet på politistudentar i Oslo skal bli redusert frå 250 til under 100.

– Det er vi som er hovudmotoren i heile utdanninga, og også forskinga på politihøgskulen. Om vi blir kutta med 70 prosent av både tilsette og studentar, så kan vi ikkje drive forsking i same grad som i dag.

Og korleis vil det bli merka på dei nye studentane som blir utdanna ved politihøgskulen i Oslo?

– Det vil gje ein dårlegare kvalitet på den utdanninga vi kan klare å tilby, seier Ellefsen.

Regjeringa meiner tre studiestader gjev meir fleksibilitet

Men justisminister Jøran Kallmyr (FrP) meiner at det er fornuftig å skjerme politihøgskulane i Bodø og på Stavern, og heller ta kuttet i Oslo.

– Tre studiestader, slik bygningsmassen er i dag, gjev oss auka fleksibilitet til å eventuelt justere opp talet på politistudentar att, dersom det blir naudsynt.

Justisministeren seier at det framleis er uklart kor mange politistudentar ein vil trenge i framtida, men at peikepinnen er regjeringa sitt mål om to politifolk per tusen innbyggjarar.

Eksjustisminister tente inn 100.000 kroner

Allereie ved juletider skjøna Larvik kommune, der Stavern ligg, at det kunne kome eit forslag om å kutte i talet på politistudentar hos dei. Kommunen tok kontakt med eit advokatfirma i Oslo, der tidlegare justisminister Anders Anundsen jobbar.

Den tidlegare statsråden vart hyra inn til å påverke prosessen. I avtalen vert det slått fast at øvre ramme for oppdraget var 100.000 kroner pluss mva., altså totalt 125.000 kroner. Larvik kommune stadfestar til NRK at heile beløpet er brukt.

Tidligere justisminister Anders Anundsen

GI RÅD: – Eg har sjølvsagt mogelegheit til å gi oppdragsgivere råd basert på den innsikt og kompetanse eg har opparbeidt meg gjennom livet, seier tidlegare justisminister Anders Anundsen

Foto: Berit Roald

– Dette er eit oppdrag som eg har utført med stor glede. Både fordi eg trur sterkt på bodskapen, og fordi eg sjølv er frå Stavern, seier Anundsen.

Han understrekar samstundes at det ikkje er noko reglar knytt til hans tidlegare virke som statsråd som hindrar han i å ta slike oppdrag.

Justisminister Jøran Kallmyr var statssekretær under Anundsen. han meiner det ikkje var problematisk at hans tidlegare sjef i justisdepartementet tok oppdrag for Larvik kommune sjølv om politihøgskulen er underlagt justisdepartementet:

– Anundsen må sjølv ta stilling til kva oppdrag han ynskjer å ta. Det er vidare viktig å understreke at det ikkje er noko juridisk avgrensing for han til å ta oppdrag for kommunar, organisasjonar eller andre som har politiske interesser i justissektoren, skriv Kallmyr i ein e-post til NRK.

SISTE NYTT

Siste meldinger