Hopp til innhold

Etterforskarane jobbar på spreng før rettssaka

Saman med statsadvokatane jobbar etterforskarane i politiet si 22.juli-eining no på høggir for å få på plass presentasjonen av bevismaterialet til rettssaka. 13 etterforskingsprosjekt er framleis under arbeid.

Etterforskningsleder John Roger Lund i Oslo politihus

Etterforskingsleiar John Roger Lund (i bakgrunnen) er for tida travelt oppteken med innspurten før rettssaka. Etterforskarane i 22.juli eininga blir viktige støttespelarar for aktoratet i bevisføringa.

Foto: Junge, Heiko / NTB Scanpix

Politiet skal fylla mange sentrale sentrale roller i løpet av den ti veker lange rettssaka, som startar om berre fem dagar.

– I likskap med NRK førebur me oss på ei omfattande direktesending der ingenting kan gå gale. Mange frå politiet skal vitna, og øver seg no på det dei skal gjennom, fortel etterforskingsleiaren John Roger Lund.

Etterforskarane jobbar også tett saman med statsadvokatane for å få på plass den endelege presentasjonen i rettssaka. Det er travle dagar for dei, seier Lund.

Skal hjelpa statsadvokatane

Politiet skal i tillegg ha bisitjarar på tinghuset med detaljkunnskap til å støtta statsadvokatane. Via ein dataskjerm skal aktoratet heile tida kunne kommunisera med etterforskarar inne i salen og i eit «backoffice» - eit tilstøtande rom på tinghuset.

Bisitjarane skal støtta statsadvoktane under vitneføringa og kunne svara på saksførespurnader.

– Plassering og utprøving av teknisk utstyr er første prioritet dei siste dagane. Me må vera sikre på kva multimediautstyr me treng kvar dag i løpet av dei ti vekene rettssaka varer. Fasilitetane må vera i orden før helga, utdjupar etterforskingsleiaren John Roger Lund.

Rettssal 250 Oslo tingrett

Under rettssaka kan statsadvokatane kommunisera med fleire av etterforskarane i politiet si 22.juli-eining via ein dataskjerm i rettssal 250.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Frå 164 til 49 etterforskarar

I den mest operative fasen bestod 22.juli-eininga på politihuset i Oslo av 164 etterforskarar. Sidan har bemanninga vorte gradvis redusert, og frå den 1.april blei eininga ytterlegare skalert ned til 49.

– Nedtrappinga er planlagd og skjer fordi ein god del av etterforskinga no er i hamn, fortel etterforskingsleiar John Roger Lund.

Dei 19 politibetjentane som skal ut i april, går tilbake til arbeid på den opprinnelege tenestestaden sin.

Dei 49 som blir verande i 22.juli-eininga, jobbar no i all hovudsak med å ferdigstilla etterforskingsmateriale som påtalemakta ønskjer å leggja fram under rettssaka.

– Personane som blir verande i eininga vil på ingen måte bli gåande og sparka i grusen, forsikrar Lund.

Mange uavslutta prosjekt

Mange av dei opprinnelege prosjekta innan 22.juli-etterforskinga er avslutta. Men framleis står det att mykje arbeid med å reparera fuktskadar og sikra innhaldet på kamera, mobilar og laptopar frå Utøya.

Mange av etterforskarane som held fram i eininga etter nedskaleringa 1.april har difor kompetanse innan analysearbeid økonomi, sosiale media, utanlandsetterforsking, pårørandeoppfølging, dokumentføring og handtering av beslag.

Etterforskingsmaterialet er no oppe i rundt 100 permar med totalt 50.000 sider utskrift. Politiet har avhøyrt Breivik i totalt 223 timar og 47 minutt. Avhøyra er transkriberte over 1137 sider.

Videomaterialet frå overvakingskamera svarar til oppimot 60.000 timar, og politiet har teke 5000 beslag i saka.

AKTUELT NÅ