Hopp til innhold

PISA-leiar fryktar taparskular

Å offentleggjere resultata til enkeltskular vil knapt forbetre norsk skule, seier leiaren for dei internasjonale PISA-undersøkingane.

Eksamen
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Andreas Schleicher

Andreas Schleicher

Foto: OECD

Tyskaren Andreas Schleicher er ansvarleg for dei internasjonale PISA-undersøkingane som igjen har gitt norsk skule eit lite sjokk.

Les: Slakter norske skoler

Andreas Schleicher seier til NRK at offentleggjering av resultat har vore ein suksess i mange land. Men han trur det vil verke forvirrande i Noreg.

Store utfordringar

Diskusjonen har tidvis gått høgt her i landet om offentleggjering av prøveresultat og rangering av skular.

Den norske PISA-prosjektleiaren Marit Kjærnsli ser store utfordringar for norsk skule: Ikkje berre har vi eit dårleg total-resultat, det er også store skilnader mellom norske elevar.

Marit Kjærnsli

Marit Kjærnsli

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

- Det vi ser i dei norske resultata, er at det er større spreiing i lesing enn i OECD-gjennomsnittet, og større spreiing i lese-snittet enn i dei andre nordiske landa.

Norsk skole vil knapt bli betre av å offentleggjere resultata til dei ulike skulane i nasjonale og internasjonale testar, seier Andreas Schleicher i PISA.

Få skilnader mellom skular

Han har stor tru på testing og ser at norske elevar skårar under det internasjonale gjennomsnittet i naturfag, matematikk og lesing.

Sjølv om publisering av skulane sine resultat har verka positivt i andre land, vil ikkje Schleicher tilrå det her.

- Det er relativt sett få forskjellar i resultata mellom skular, seier han.

Når forskjellane mellom skular er så små, trur han publisering av testresultat kan skape eit feil bilete av vinnar- og taparskular.

- Resultata kan villeie, fordi dei syner at nokre skular gjer det litt betre. Men den verkelege utfordringa for Noreg er skilnaden i resultat innanfor skular, seier Schleicher.

AKTUELT NÅ