Israel starta tidleg med vaksineringa av befolkninga. No er 59 prosent fullvaksinerte mot koronaviruset.
Men med spreiinga av den meir smittsame delta-varianten i landet, ser det ut som at effektiviteten til Pfizer-vaksinen har gått drastisk ned.
Ifølge ein rapport frå israelske myndigheiter hadde Pfizer-vaksinen ein effekt på 94,3 prosent frå 1. mai til 5. juni. Frå 6. juni til starten av juli har effekten søkke til 64 prosent.
Eintydig bilete
Immunolog og vaksineforskar ved Universitetet i Oslo, Gunnveig Grødeland, seier dette er i tråd med forventningane til effekten av vaksinane.
– Når det gjeld symptomatisk sjukdom er effekten ganske mykje redusert. Men det som er minst like viktig, er at dess meir data vi får, dess meir får vi eit eintydig bilete av at vaksinane har eit vern på over 90 prosent mot alvorleg sjukdom og død. Det er det som er viktig, seier Grødeland.
Immunolog og vaksineforskar ved Universitetet i Oslo, Gunnveig Grødeland.
Foto: Ola Sæther / UiOVaksinen er framleis 93 prosent effektiv mot alvorleg sjukdom og innlegging på sjukehus, ifølge israelske myndigheiter. Det er ned fire prosent samanlikna med tidlegare studiar.
– Når vi har fått nye variantar har vi vore spente på i kva grad vernet vil fungere like bra, og svaret er faktisk at det er betre enn det var grunn til å frykte, seier ho.
Grødeland meiner at så lenge vaksinen beskyttar godt mot alvorleg sjukdom, er vaksinen framleis god. Men ho understrekar at ein aldri er 100 prosent beskytta etter vaksinering, og at det framleis er viktig å ta forholdsreglar.
- Les også:
– Aldri heilt beskytta
Blant dei nye smitta i Israel førre veke, var 55 prosent vaksinerte, ifølge Bloomberg. Fleire av dei vaksinerte har også blitt innlagte på sjukehus.
Men fagdirektør i FHI, Frode Forland, meiner dette kan forklarast med at dei fleste i Israel er vaksinerte.
– Dei er jo det landet som har kome lengst i vaksineringa. Så det er ikkje så unaturleg at ein del av dei som blir lagde inn eller er smitta også er vaksinerte. Det vil alltid vere nokre, også vaksinerte, som blir smitta, fortel han.
- Les også:
– 95 prosent vern
Også Forland understrekar at tala frå israelske helsemyndigheiter gjeld risikoen for å bli smitta, ikkje risikoen for alvorleg sjukdom.
I FHI si nye risikovurdering er hovudbiletet at vaksinane som vi brukar i Noreg gjev godt vern, også mot delta-varianten, fortel Forland.
Frode Forland, fagdirektør i FHI.
Foto: Terje Pedersen / NTBDette byggjer blant anna på studiar frå Israel og Canada.
– Nokre fullvaksinerte i Noreg vil få koronasmitte, men dei vaksinane vi har i landet har vist seg å gje svært god effekt, og det er svært få som har fått vaksine som har blitt alvorleg sjuke, seier han.
Nokre fleire kan også bli smitta og få milde symptom om delta-varianten blir meir utbreidd.
Men FHI trur framleis at vaksinane som blir brukte i Noreg gjev 95 prosent vern mot alvorleg sjukdom.
Må oppdaterast
Både Gunnveig Grødeland og Frode Forland seier at vaksinane må oppdaterast på eit tidspunkt, på same måte som influensavaksinane.
Forland seier at det er normalt at immuniteten til vaksinar går ned etter kvart som tida går. Det er heller ikkje uvanleg at ein må ha ein tilleggsdose på ein vaksine.
– Spørsmålet er om vi må det innan dei kommande tolv månadane eller seinare. Men det er ikkje nødvendig no i alle fall, fordi vi har eit såpass godt vern mot dei variantane som eksisterer, meiner Grødeland.
- Les også:
- Les også:
Moderna oppfører seg likt
Eit anna spørsmål er om det kan oppstå nye variantar som vaksinane ikkje verkar så godt mot.
– Det kan komme. Men så langt har vi ikkje sett noko til det i Noreg, held Forland fram.
Når det gjeld Moderna-vaksinen, som er den andre vaksinetypen som er ein del av det norske vaksineprogrammet, er det ennå for tidleg å seie noko spesifikt om effekten mot nye variantar.
– Men det er sannsynleg at vaksinen oppfører seg på same måte som Pfizer, fortel Forland.