Hopp til innhold

Amundsen visste ikkje at han leiar Polarutvalet

Den nye justisministeren meiner at han ikkje er rett mann til å svare på spørsmål om klima. Men som minister har han også ansvaret for polarområda.

Den nye justisministeren Per-Willy Amundsen visste ikke at det er han som leder Polarutvalget.

VIDEO: Den nye justisministeren Per-Willy Amundsen visste ikkje at det er han som leiar Polarutvalet.

– Det er ikkje justisministeren som skal svare for regjeringa sin klimapolitikk, slo Per-Willy Amundsen (Frp) fast i Politisk kvarter.

Heller ikkje i dag ønskte den nyutnemnde justisministeren, som har markert seg som ein skeptikar i klimadebatten, å svare på om han framleis står for det han har sagt tidlegare. Han ville heller ikkje snakke om regjeringa sin klimapolitikk.

– Dette er spørsmål som andre statsrådar har konstitusjonelt ansvar for, så det blir feil av meg å gå inn på, svarte Amundsen.

«Polar-minister»

Polaravdelinga ligg under Justis- og beredskapsdepartementet, og det betyr at det er Amundsen om har ansvaret for polarområda, inkludert Svalbard.

Veit du kven som leiar Polarutvalet?

– Det har eg faktisk ikkje oversikt over, svarte Amundsen, som vart overraska då han fekk vete at det faktisk er han sjølv som leiar utvalet.

Amundsen har dermed ansvaret for å sørge for heilskapen i miljøsaker i polare strøk, som må samordnast mellom fleire departement.

Synest du no det er aktuelt å stille spørsmål om klima til ein justisminister?

– Det var ei morosam spørsmålsformulering, og eg gjekk sjølvsagt rett i fella.

– Som medlem av regjeringa vil eg stå for det som er regjeringa sin politikk, og den tar utgangspunkt i menneskeskapte klimaendringar. Forskjellen er at Frp har eit anna utgangspunkt i kor mykje som er menneskeskapt, svarte Amundsen.

Klimaskeptikar

Amundsen har tidlegare sagt til VG at det er sola som styrer klimaet, og ikkje menneska.

«Det menneskeskapte er minimalt i forhold til den påverknaden sola har. Derfor er det galskap å bruke milliardar av kroner på ein hypotese om at eventuelle klimaendringar er menneskeskapte».

Per-Willy Amundsen / VG, 20.04.2012

Kva skjer dersom du ikkje trur på det du gjer?

– Å vareta samfunnstryggleiken og vareta beredskapen er eit av dei viktigaste områda det skal leverast på. Og det handlar ikkje om kva eg har sagt i 2008 eller 2012, seier Amundsen.

Men kva skjer med prioriteringane dine når du skal føre ein politikk som baserer seg på at klimaendringane er menneskeskapt, og så trur du ikkje på det?

– No har ikkje eg sagt at eg ikkje trur på det. Gå inn og sjå på det eg har sagt tidlegare, det handlar om i kor stor grad klimaendringane er menneskeskapte.

Amundsen understrekar at det har vore jobben hans som talsperson for Framstegspartiet å uttale seg kritisk, men at han no har ei ny rolle som justis- og beredskapsminister.

– Eg skal sjølvsagt også vareta dei viktige omsyna til samfunnstryggleik som måtte følgje av klimaendringar, la det vere heilt tydeleg. Det betyr også det viktige arbeidet som må gjerast på Svalbard.

Den nye justisministeren Per-Willy Amundsen (Frp) og den nye olje- og energiministeren Terje Søviknes (Frp) ble utfordret i Politisk kvarter dagen etter at de ble utnevnt som nye statsråder.

Korreksjon: I en tidligere versjon av saken sto det at justis- og beredskapsministeren har ansvaret for flomsikring. Det medfører ikke riktighet; det ansvaret ligger under olje- og energiministeren. Artikkelen er oppdatert.

AKTUELT NÅ