NRK Meny
Normal

VG: Letnes bad om å bli assistent for Sandberg

Bahareh Letnes skreiv i 2016 ein e-post til Fiskeridepartementet der ho søkte om å bli Iran-assistent eller tolk for Per Sandberg (Frp). Sandberg har bedt PST om ein samtale kring forholdet han har med Bahareh Letnes.

Bahareh Letnes og Per Sandberg

I 2016 skal Bahareh Letnes bedt om å få jobbe saman med Per Sandberg. Det kjem fram av e-postar VG har fått tilgang til.

Foto: NRK

Bahareh Letnes bad i 2016 om å få jobbe saman med Per Sandberg. Det melder VG.

Då Sanberg i 2016 var i Iran for å selje norsk laks, sende Bahareh Letnes ein e-post til Sandberg der ho ønskja å få jobb.

Letnes skriv følgjande i e-posten til Fiskeridepartementet:

«Hei Per Sandberg! Vi har snakket sammen før på en konferanse vi var med på. Jeg er veldig glad at du har begynt å forhandle med Iran om norsk laks. Jeg er veldig interessert i å jobbe sammen med deg som tolk eller iransk assistent. Jeg virkelig håper at jeg kan være så heldig å jobbe sammen med deg.»

Politisk redaktør i VG, Hanne Skartveit, sier at Letnes' forsøk på å bli Sandbergs assistent i 2016, viser at hun ønsket å komme tettere på ham. – Det har hun klart nå, sier hun.

Sandberg behandla ikkje søknaden sjølv

Ifølgje Nærings- og fiskeridepartementet (NDF) blei søknaden frå Letnes behandla administrativt, og ikkje av Per Sandberg sjølv.

– Eg fekk høfleg avslag frå administrasjonen i NDF, skriv Letnes i ei tekstmelding til VG.

6. oktober 2016 får Letnes tilbakemelding frå departementet om at dei ikkje har ledige stillingar for augneblinken.

Per Sandberg og Bahareh Letnes i Iran

Optimisme vedrørande handlar mellom Noreg og Iran var årsaka til kvifor Letnes ønskja å jobbe for Per Sandberg.

Foto: Privat / Instagram

– Fiskeriministeren var ikkje involvert i behandlinga av søknaden. Det har ikkje vore ytterlegare kontakt mellom Nærings- og fiskeridepartementet og Bahareh Letnes, skriv NDF i ein e-post til avisa.

Letnes skriv til VG at årsaka til kvifor ho søkte jobben var «optimisme vedrørende handler mellom Norge og Iran».

VG har førebels ikkje fått noko svar frå Per Sandberg om jobbsøknaden frå Letnes, men skriv i eit brev til Stortinget at Letnes sende ein open søknad til NDF i 2016 som vart avslått.

– Søknaden blei besvart av Nærings- og fiskeridepartementet på ordinært vis. Eg var ikkje del av saksbehandlinga og kjente ikkje til søknaden, skriv han.

Bahareh Letnes og Per Sandberg snakker ut om kritikken etter Iran-turen.

Etter en uke med mye kritikk stilte Sandberg og Letnes til et felles intervju i Dagsnytt 18 på NRK fredag. Der hevdet Letnes blant annet at det ikke er særlig utbredt med pisking som straffemetode i Iran.

– Eg reiste med mitt private pass

Nestleiar i Stortingets næringskomité, Torgeir Knag Fylkesnes (SV), har stilt spørsmål rundt Sandberg sin private reise til Iran. Det var Aftenposten omtala saka først.

– Omtalen av vårt forhold har medført mykje merksemd og spekulasjonar og det er stilt spørsmål om Bahareh Letnes sin bakgrunn, som eg ser behov for å adressere. Eg har derfor bedt om ein samtale med PST, skriv Sandberg til Fylkesnes.

For Fylkesnes er det viktig at Stortinget er forsikra om at det er blitt gjort skikkelege vurderingar knytt til potensiell rolleblanding, sikkerheitsrisiko eller inhabilitet knytt til reisa.

Torgeir Knag Fylkesnes i vrimlehallen på Stortinget

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) har stilt spørsmål kring reisa til Per Sandberg.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

– Ber om at statsråden beskriv kva vurderingar som er blitt gjort, og om aktuelt regelverk er blitt følgt, skriv Fylkesnes i spørsmålet sitt til Sandberg.

– Eg reiste med mitt private pass, ikkje tenestepass, og på turistvisum. Sjølv om eg ikkje hadde møter med representantar for landets myndigheiter eller næringsliv, så er ein statsråd alltid ein statsråd, svarer Sandberg.


Fiskeriminister Per Sandberg og kjæresten Bahareh Letnes snakket ut i Dagsnytt 18 etter Iran-turen.

Hadde ikkje noko sikkerheitsbrief

Sandberg vedkjenner også at han skulle varsla Statsministerens kontor før han reiste.

– I tråd med gjeldande rutinar beskrive i Handbok for politisk leiing skulle eg sørga for at Statsministerens kontor blei varsla om reisa i forkant. Eg varsla departementet den 23. juli, dagen etter eg kom til Iran, og SMK blei varsla neste dag, skriv Sandberg til Fylkesnes.

Ved tidlegare jobbreiser til Iran, har Sandberg fått ein generell sikkerheitsbrief om landet. Etter det NRK kjenner til har han ikkje fått det denne gongen.

Per Sandberg i Iran

Per Sandberg og Bahareh Letnes har bekrefta at dei er kjærestar, og at turen var ein privat ferietur.

Foto: Per Sandberg/Privat

– Sikkerheitsvurderingane gjorde eg sjølv basert på tidlegare besøk til Iran, har Sandberg tidlegare uttalt til NRK.

Sandberg tok med seg jobbtelefonen sin til Iran, noko han fekk sterk kritikk på. Den vart levert til PST like etter han kom tilbake att til Noreg.

– Eg vil understreke at gradert informasjon etter sikkerheitslova ikkje sendast på e-post eller SMS, og slike dokument ligg ikkje på mobiltelefonen. Eg har tilgang til sakbehandlingssystemet til departementet på mobiltelefonen, skriv Sandberg.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger