NRK Meny
Normal

Pensjonskassa aukar renta - kundane flyktar

Statens pensjonskasse lånar ut pengar til offentleg tilsette. I januar varsla SPK at utlånsrenta skulle opp til 2,9 prosent, stikk i strid med utviklinga av rentene i dei andre bankane.

Dei beste tilboda i dei andre bankane er utlånsrenter på kring 2,7 prosent.

Renteauken i SPK førte til at banken i første kvartal fekk redusert utlånsvolum med 3,4 milliardar kroner, og talet på innfridde lån auka 161 prosent i same kvartal samanlikna med i fjor, skriv Finansavisen.

– Vi har hatt ein kraftig nedgang i lånesøknadar og ei kraftig utvikling i talet på kundar som vel å forlate oss. Det er vanskeleg å sjå kva som skjer framover, men det er ingenting som tydar på at trenden vil snu med det første, seier seksjonssjef i SPK, Mette Ystebø Hagen til avisa.

Ho opplyser at banken har teke imot mange tilbakemeldingar frå kundar som er misnøgde med at renta har auka. Dei har vanskeleg å forstå kvifor renta aukar når den fell elles i marknaden, legg ho til.

DNB, som tidlegare har mista kundar, stadfestar at kundestraumen no har snudd og at banken den siste tida har mått kundar som har flytta lånet sitt frå SPK.

Statssekretær Jon Gunnar Pedersen i Finandepartementet seier ein no har fått ein meir normal situasjon. Renta i SPK følgjer normrenta, som er fastsett av Finansdepartementet

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger