NRK Meny
Normal

Pause i Norwegian-forhandlingane

Det er pause i forhandlingane i Norwegian-streiken fram til måndag morgon, opplyser pilotane si fagforeining Parat.

Det er pause i forhandlingane i Norwegian-streiken fram til måndag morgon, opplyser pilotane si fagforeining Parat.

Partane i Norwegian-streiken tek seg ein kvil før dei held fram med forhandlingane måndag, opplyste Parat på ein kort pressebrief søndag kveld.

– Partane er samde om å ta ein pause i forhandlingane. Me har avtalt å møtast igjen i morgon, seier leiaren av Norwegian Pilot Union (NPU) Halvor Vatnar på ein kort pressebrief klokka 21 søndag kveld.

NPU er ein del av den større fagorganisasjonen Parat.

Parat-leiar Hans-Erik Skjæggerud understrekar at det ikkje er snakk om eit brot, men ein pust i bakken etter 29 timar i forhandlingar utan stans.

– Me håpar å finna ei løysing i morgon, seier Skjæggerud.

Ordknappe

Meir enn det, ville verken Parat-leiaren eller NPU-leiaren ut med. Også kvar og kva tid dei tek opp tråden att måndag er hemmeleg.

– Me vil ikkje bidra med noko no som kan forstyrra forhandlingane som fortset og forhåpentlegvis kan bidra til å få flya i lufta att, seier Skjæggerud.

Partane i streiken har sete i forhandlingar gjennom store delar av helga.

Norwegian uttalte tidlegare søndag at dei håpa på ei løysing i løpet av kvelden.

Det er no ni døgn sidan streiken starta. 700 pilotar er i streik og om lag 150.000 passasjerar har blitt råka.

Dette kranglar dei om

Kva slags tilknyting pilotane skal ha til det såkalla morselskapet, Norwegian Air Shuttle (NAS), er eit sentralt punkt i konflikten.

Pilotane er i dag tilsette i dotterselskapet Norwegian Air Norway (NAN), men ønskjer tariffavtale hos NAS.

Norwegian-leiar Bjørn Kjos meiner kravet er uforeinleg med å skapa eit konkurransedyktig selskap som kan overleva tøffe internasjonale vilkår, fordi tilknyting til morselskapet vil gje arbeidstakaraorganisasjonen sterk kommersiell kontroll og truga selskapet sine moglegheiter til finansiering.

Norwegian argumenterer med at NAS er eit reint holdingselskap som ikkje skal ha operativ drift, noko fagforeininga er ueinig i.

Parat-leiaren står fast ved at streiken ikkje dreier seg om pengar, men at dei kjempar for trygge arbeidsplassar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger