Hopp til innhold

Passkaoset: Ein liten feil spolerte utanlandsferien

132.000 nordmenn har allereie avlyst eller utsett utanlandsferien grunna mangel på pass. Og endå fleire kan kome etter.

Hanne Hårstad med familie

Hanne Hårstad med familie.

Foto: Privat

Allereie i januar leste Hanne Hårstad frå Asker om passproblem. Derfor var ho tidleg ute med å bestille time hos politiet i Ski, sidan familien hadde bestilt ferie til slutten av juni.

Mannen fekk med seg fullmakt, og reiste med barna til passkontoret.

– Så gjer eg den forferdelege feilen, som eg angrar på kvar dag, seier ho i Debatten i NRK tysdag kveld.

Den gjorde at familien no er blant 308.000 nordmenn som ser utanlandsferien som ein stadig fjernare draum.

Hanne Hårstad jobbar til dagleg i Strategi og analyse i NRK.

Hilde Hårstad

Hilde Hårstad gjesta debatten for å fortelje om familien hennar sitt passkaos på tysdag.

Foto: NRK

Ein gløymt signatur spolerte ferien

Hanne Hårstad hadde gløymt å signere den eldste sonen sine papir. Ho fekk ikkje lov å komme etter for å fylle ut den gløymte signaturen. Sonen på 13 år står derfor utan pass.

Hårstad sin familie er blant 176.000 nordmenn som fryktar at dei kan måtte avlyse eller utsetje ferieturen sin på grunn av mangel på pass.

Desse kjem i tillegg til dei 132.000 nordmennene som allereie har avlyst eller utsett utanlandsferien grunna mangel på pass.

Det viser ei spørjeundersøking Norstat har gjennomført for NRK.

Fekk du med deg denne? Spør om nordmenn kan sleppe inn utan gyldig pass

Emilie Enger Mehl

Trudde det skulle løyse seg

Tilbake i februar.

– Vi tenkte det er lenge til vi skal reise i slutten av juni. Vi bestiller så fort vi berre kan ein ny time til 13-åringen, seier Hårstad.

Men den første ledige timen er i mai, og då er leveringstida på pass sju veker. Tida for å få eit nasjonalt ID-kort er på det tidspunktet berre 4 veker.

Men det får ikkje Hårstad beskjed om. Familien får ifølgje ho ikkje informasjon om at dei burde velje Nasjonalt ID-kort.

– Blir det noko av turen?

– Eg trur ikkje det. Så vidt eg har fått høyre kjem dette passet til eldstemann i midten av juli. Da skulle vi ha vore heime igjen, seier Hårstad.

Nesten ein million har søkt om pass

Norstat-undersøkinga syner at 986.000 nordmenn allereie har søkt om pass eller har planar om å søke i år.

På mai sin siste dag er forventa leveringstid på pass sju veker. Har du time i dag kan det dukke opp i postkassa nest siste veka i fellesferien, ifylgje politiet.

Politiet forventar at leveringstida vil auke utover sommaren.

Etterslepet for nye pass skuldast to år med få turar utanlands og alvorlege leveringsproblem.

Dei unge er mest råka

Undersøkinga viser at passkaoset går hardast ut over den yngre delen av befolkninga.

Mads Motrøen, Norstat

RINGVERKNADER: Færre utanlandsreiser gjev òg negative ringverknader for turistnæringa, seier Mads Motrøen i Norstat.

Foto: Halldor Asvall / NRK

– Dette er fyrste sommaren etter korona, og utan restriksjonar er reiselysta stor. Den yngre delen av befolkninga reiser kanskje òg oftare, seier Mads Motrøen.

Han er ansvarleg for politiske målingar i Norstat.

Resultata frå undersøkinga viser at den yngre delen av befolkninga, dei under 50, òg er overrepresentert blant dei som søker om nytt pass.

– Éin av ti barnefamiliar har avlyst eller utsett ferieturen, eller fryktar dei vil måtte avlyse, seier Motrøen.

I helga sa justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) at ei mogleg løysing er europeiske land som lempar på reglane for å sleppe inn i landet med utgått pass.

Justisdepartementet har ikkje hatt høve til å kommentere tala for nordmenn sine øydelagde feriar.

Motrøen seier merksemda i media kring den auka leveringstida har gjort at fleire har venta med å søke om pass.

– Det er mellom 150.000 til 200.000 nordmenn som ventar fordi dei reknar med å ikkje få det i tide. Hadde dei søkt, hadde køen òg blitt lenger, for alle.

AKTUELT NÅ