Hopp til innhold

Krev lønnsnemnd for å halda ambulanseflya i lufta

Når NHO Luftfart stenger alle flyteknikarar ute frå jobb i ein lockout søndag gjeld det også 20 flyteknikarar for ambulanseflya Babcock.

Luftambulanse

LUFTAMBULANSAR: Skulle ikkje partane bli einige før søndag, vil lockouten som NHO Luftfart varsla tysdag ta flyteknikarane frå ambulanseflya. Det kan bety fare for folk si liv og helse.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

Onsdag morgon bekreftar leiar i NHO Luftfart Torbjørn Lothe overfor NRK at det er kontakt mellom partane i luftfartsforhandlingane.

– Kan bekrefte at det er kontakt mellom partane, men bortsett frå det kan vi ikkje si noko meir konkret, skriv Lothe i ein SMS.

Tysdag kveld tok Norsk Flytekniker Organisasjon opp igjen kontakten med NHO Luftfart, etter at sistnemnde varsla at dei ville svara på streiken med ein lockout. Denne skulle også omfatte flyteknikere for ambulansefly.

– Talentlaust

– Det er livslinja til folk, og det burde absolutt ikkje vore rørt, seier Irene Ojala.

Ho er einaste stortingsrepresentant inne frå partiet Pasientfokus, og sit i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget. Partiet kjempar for pasientrettar i Nord-Noreg.

Ho er overraska over valet til NHO Luftfart som rammer noko så sårbart som luftambulansen.

– Det er talentlaust, seier ho.

Dersom partane ikkje blir einige, kan regjeringa bryta inn med tvungen lønnsnemnd.

Irene Ojala.

Stortingsrepresentant for Pasientfokus og medlem av Helse- og omsorgskomiteen i Stortinget, Irene Ojala.

Foto: Irene Ojala / Privat

Det meiner Ojala at dei burde gjera dersom partane ikkje blir einige før søndag.

– Dei må berre avlysa heile greia og seia at dette her går ikkje.

Ho understrekar at både streik og lockout er lovlege verkemiddel i arbeidslivet, og at dei fleste forstår at det går ut over folk.

– Når NHO varslar lockout og tar med luftambulansen, så ser eg ikkje bort frå at det er eit middel NHO brukar for å tvinga fram tvungen lønnsnemnd.

Frp: Veldig alvorleg

Andre nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen i Stortinget, Bård Hoksrud (Frp), meiner lockouten er alvorleg.

– Det handlar om menneske og pasientar som kan trenga livsnødvendig behandling, og det kan få store fatale konsekvensar viss ikkje flya går når dei skal.

Han er også overraska over avgjerda til NHO Luftfart, og meiner regjeringa må gripa inn viss det er den minste tvil om at liv og helse står på spel.

Fly på Oslo lufthavn

Flyteknikarane sine streikar har allereie ført til fleire innstilte avgangar.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Det er ei opptrapping i konfliktnivået og det kan ramma heilt uskyldige menneske, og det er også derfor me er kritiske til dette verkemiddelet.

SV: – Ein måte å tvinga fram tvungen lønnsnemnd

106 flyteknikarar er i streik. Norsk Flytekniker Organisasjon har varsla opptrapping frå fredag.

Streiken har ført til fleire innstilte fly.

Leiar i arbeids- og sosialkomiteen Kirsti Bergstø (SV) meiner NHO forsøker å presse fram tvungen lønnsnemnd.

Lockout er eit kraftig verkemiddel, og all den tida dette også vil ramma luftambulanse er det vanskeleg å sjå på dette som noko anna enn å pressa fram tvungen lønnsnemnd, seier Bergstø.

Kirsti Bergstø

Leiar for Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget Kirsti Bergstø (SV).

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Partiet Raudt har tidlegare i år fremma eit forslag på Stortinget om å gå gjennom systemet med lockout og tvungen lønnsnemnd, med eit mål om å styrka streikeretten.

Partileiar Bjørnar Moxnes meiner lockouten viser at streikeretten i Noreg er under press.

– Dei siste åra har arbeidsgivarane og staten stoppa blant anna helsearbeidarar og lærarar frå heilt legitime lønnskrav, og nå ser me at NHO igjen bruker eit drastisk verkemiddel som lockout for å tvinga fram at regjeringa skal stoppa streiken.

Moxnes meiner at ein ikkje kan godta at arbeidsgivar sett liv og helse i fare ved å bruk av lockout.

– Grotesk å gamble med menneske sine liv

Leiar i NFO, Jan Skogseth, meiner at lockouten kom veldig tidleg i streiken. Det seier han til TV 2.

– Eg synest det er spesielt, for me har søkt forhandling. Me var først på ballen med å tilby ny forhandling. Me har verna om liv og helse.

Då partane avslutta dialogen sist søndag, hadde ikkje NHO tid til å møtast på måndag, seier Skogseth til TV 2.

Jan Skogseth er leder i Norsk Flytekniker Organisasjon

Leiar i Norsk Flyteknikar organisasjon (NFO) Jan Skogseth.

Foto: NRK

– Då er det spesielt å koma med ein lockout i dag. Det er grotesk å gambla med menneske sine liv på denne måten, seier han vidare.

– Me står i ein fastlåst situasjon

Administrerande direktør i NHO Ole Erik Almlid seier til NRK at det ikkje er ofte dei vel å ta tilsette ut i lockout.

– Når me vel å gjera det, så er det fordi me ser at me står i ein fastlåst situasjon. Me står ovanfor langt høgare lønnskrav enn det andre grupper i samfunnet har akseptert.

Flyteknikarane har kravd 60 kroner ekstra i timen. Ei auke på 17 prosent, ifølge NHO.

Les også: NHO varslet lockout – onsdag morgen er det kontakt mellom partene igjen

Avgangstavlen ved Oslo Lufthavn Gardermoen tirsdag kveld.
Avgangstavlen ved Oslo Lufthavn Gardermoen tirsdag kveld.

– Partane sit med ansvaret

Arbeids- og omsorgsminister Marte Mjøs Persen (Ap), seier middel som streik og lockout er lovlege verkemiddel i norsk arbeidsliv.

– Lockout er veldig uvanleg, og blir oppfatta som dramatisk. Det er partane som eig konflikten og som sit med ansvaret for å finna ei løysing.

Leiar i helse- og omsorgskomiteen i Stortinget, Tone Wilhelmsen Trøen (H), vil ikkje kommentera på ei pågåande lønnskonflikt.

– Spørsmålet og vurderinga om bruk av tvungen lønnsnemnd for å sikra liv og helse er regjeringa sitt ansvar, seier Trøen til NRK.

Statssekretær Karl Kristian Bekeng.

Statssekretær Karl Kristian Bekeng.

Foto: Esten Borgos / Borgos Foto AS

Helse- og omsorgsdepartementet har bedt om ei orientering frå Luftambulansetenesta HF om konsekvensar av ei eventuell lockout, seier statssekretær Karl Kristian Bekeng.

– Desse opplysningane vil departementet sende over til Statens helsetilsyn, som vurderer nærmare om desse konsekvensane vil medføra fare for liv og helse.

Bekeng legg til at Statens helsetilsyn er fagleg ansvarleg for ei slik vurdering.

Les også: Skjøv forslag om styrket streikerett til etter lønnsoppgjøret

UNIO i streik. Tromsø sentrum.
UNIO i streik. Tromsø sentrum.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger