Hopp til innhold

Partileiarane planlegg å presentere ny regjeringsplattform søndag

Partileiarane skal etter planen presentere ein ny regjeringsplattform for sine eigne på søndag, etter det NRK erfarer.

REGJERINGSFORHANDLINGER JELØY RADIO

NÆRMAR SEG: Statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg har saman med Frp-leiar Siv Jensen og Venstre-leiar Trine Skei Grande kalla inn sine parti til møter for å lande ein regjeringsplattform i løpet av helga. Her utanfor forhandlingslokalet på Hotell Jeløy Radio i Moss.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Dette inneber at det om kort tid kan gå mot ny regjering, beståande av Høgre, Frp og Venstre.

Venstre sitt Landsstyret fekk rundt kl. 10 i dag ein e-post frå partikontoret der partiet vert kalla inn til landsstyremøte søndag, i forbindelse med regjeringsforhandlingane.

Også Frp har kalla inn sitt landsstyre til møte. Dei har enda ikkje sett tidspunkt, men vil vere ein stad i Moss. Medlemmane har derimot fått beskjed om at det ikkje er sikkert at det ligg føre ein endeleg regjeringsplattform. Høgre har enda ikkje bekrefta møte.

Regjeringsforhandlinger.

SELFIE: Det kan vite om god stemning mellom partileiingane i dei tre partia, då få saker har vore lekka som vanskelege konfliktsaker til pressa.

Foto: Lennart Pettersen / Høyre / NTB scanpix

Ifølgje kjelder er det ikkje sikkert partileiarane kjem i mål med ein plattform innan søndag, derfor kan det bli ei skisse som vert presentert for partia.

Forhandlingane held fram fredag kveld og laurdag, og det gjenstår enda vanskelege saker, får NRK opplyst.

Profil- og konfliktsaker enda til diskusjon

Torsdag møttes alle partileiarane igjen, etter Solbergs møte med USAs president Donald Trump og Siv Jensen sine møter om SSB i Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.

Dei siste dagane har det vore krevjande forhandlingar innanfor partia sine profilsaker og dei store konfliktområdene mellom partia.

Etter det NRK erfarer har saker som eigedomsskatt og politibevepning, som er viktige saker for Frp, skule og helse, som Høgre og Venstre har lagt vekt på, vore diskusjonspunkt på agendaen det siste døgnet.

Pelsdyr og rovdyr, asyl og innvandring, klimaavgifter og det grøne skiftet er krevjande diskusjonspunkt, medan klima- og utsleppspolitikk, samt integrering skal vere enklare punkt mellom dei tre.

Spårsmålet om oljeboring i Lofoten og Vesterålen skal i praksis vere landa, etter det NRK forstår. Men ueinigheit på andre områder i oljepolitikken er framleis vanskelege.

Landar regjeringskabalen etter endeleg plattform

Statsminister Erna Solberg (H) har vore tydeleg på at fordeling av statsrådspostar er noko partia formelt vil ta tak i etter at ein plattform er lagt til grunn.

Det betyr at kven som skal sittje i den nye regjeringa kan bli presentert i statsråd på Slottsplassen neste veke.

Regjeringsforhandlingane har gått føre seg sidan 2. januar.

AKTUELT NÅ