I sju veker har fleire hundre tilsette streika for det dei meiner er eit rettferdig krav om utjamning av pensjonsrettane mellom kvinner og menn i kultursektoren.
I dag klokka 9.30 møtast partane hos riksmeklar Mats Ruland. Blir dei ikkje einige, vil ytterlegare 209 tilsette bli tatt ut i streik måndag 25. oktober.
Det kan bety at juleførestillingar over heile landet heng i ein tynn tråd.
Nestleiar i LO Stat, Lise Olsen, seier dei håper arbeidsgjevarane no vil innfri krava deira.
Forhandlingsleiar i LO Stat, Lise Olsen, seier det er «utruleg» at arbeidsgjevarane ikkje har innfridd avtalen dei inngjekk i 2016. Spekter meiner på si side at dei ikkje har brote noko avtale.
Foto: Thorvald Aschim / NRK– Det er ikkje noko spesielt stor økonomisk avstand mellom partane når det gjeld kostnadane av ordningane, så det burde ikkje vere så vanskeleg, seier ho til NRK på veg inn til møtet med riksmeklaren.
Har prøvd å kome til einigheit
Kulturarbeidarane meiner pensjonsordninga i sektoren slår ut urettferdig for kvinner, samanlikna med menn.
– For våre medlemmer er det veldig viktig å ha ein god pensjon heile livet. Og det er også veldig viktig at kvinner, som i snitt lev litt lenger enn menn, også har pensjon heile livet. Og den mellombelse ordninga vi har no, tilfredsstiller ikkje det, seier Olsen.
LO-leiar Peggy Hessen Følsvik møtte streikevaktene ved Nationaltheatret i september.
Foto: Terje Pedersen / NTBSpekter, som representerer arbeidsgjevarane, seier dei er villige til å strekke seg langt for å kome dei streikande i møte, men då må «begge partar fire på sine posisjonar».
– Det er ekstremt viktig at vi finn ei løysing. Vi er villige til å gå ut av våre posisjonar og har med nye tilbod i dag, seier direktør Anne-Kari Bratten til FriFagbevegelse.
891 tilsette i streik
Måndag blei 80 nye tilsette ved Nationaltheatret i Oslo tatt ut i streik. Dermed er det totalt 891 kulturarbeidarar ved 15 ulike institusjonar rundt om i landet som er i streik.
Det er teknisk tilsette, tilsette i verkstadane, i kostymeavdelinga og administrasjonen til teatera som er tatt ut i streiken.
Bjørn Skrattegård (t.v.), forhandlingsdirektør i Spekter, går inn til møtet onsdag morgon.
Foto: Vegar Erstad / NRKPartane var også til mekling 30. september. Olsen i LO Stat seier dette om stemninga i forkant av møtet:
– Vi har ikkje snakka saman sidan sist vi var her, så det seier kanskje sitt.