Hopp til innhold

Snart meklingsmøte i flystreiken: – Dette er ei krevjande konflikt

Riksmeklaren har teke initiativ for å finne ei løysing på den fastlåste flystreiken. – Vi har ein intensjon om at vi skal få noko til, seier riksmeklar Carl Petter Martinsen.

Fremdeles forhandlinger i statsoppgjøret

MEKLINGSMØTE: NHO og Norsk Flytekniker Organisasjon, NFO, møtast klokka 15.00 torsdag hjå Riksmeklaren.

Foto: Ola Vatn / NTB

Partane har stadfesta at dei begge kjem til meklingsmøtet kl. 15.00 i dag.

Det opplyser riksmeklingsmann Carl Petter Martinsen til NRK i 11-tida torsdag.

Han tok sjølv initiativ til å få NHO Luftfart og Norsk Flytekniker Organisasjon (NFO) til forhandlingsbordet, etter snart ei veke med streik blant flyteknikarane.

– Utgangspunktet er at avstanden er like stor som han var då vi gjekk frå kvarandre natt til laurdag, seier Martinsen til NRK på veg inn på møtet.

Han seier dei ikkje startar med blanke ark i dag.

– Dei konfliktområda som er der er ganske tydelege for partane og for meg, seier han.

Det er førebels ikkje planlagt møte fredag.

– No blir utgangspunktet å sjå korleis ettermiddagen går, og om det er grunnlag for å gå vidare i morgon. Eg har sett av tid til det, og håpar partane vil medverke til det, seier riksmeklaren.

– Ekstremt

NHO meiner lønnskravet er «ekstremt» og har varsla at dei utestenger alle flyteknikarane i NFO frå natt til søndag, ein såkalla lockout.

– Det ligg i korta at dette er ein krevjande konflikt. Eg og partane har same interesse i å få dette løyst gjennom mekling og forhandling. Det er det det blir forsøkt på, seier Martinsen.

Meklingsmann Carl Petter Martinsen hos Riksmeklingsmannen

Meklingsmann Carl Petter Martinsen tok initiativ til møtet mellom partane.

Foto: Johan B. Sættem

Ifølgje VG har NFO - kort tid før meklingsstart - valt å byta forhandlingsleiar. Det betyr at leiar Jan Skogseth ikkje vil delta på møtet på torsdag.

– Me stiller utan Jan Skogseth i dag, seier SAS-foreiningsleiar i NFO Øystein Eliassen, som deltek i forhandlingane, til VG.

For få dagar sidan foreslo NFO at NHO skulle byta forhandlingsleiaren sin, noko NHO kalla "uhøyrt".

- Då Jan Skogseth foreslo Stein Nilsen som ny forhandlingsleiar var det fordi me opplevde at det var ikkje forhandlingsvilje frå NHO, så det var meint som eit konstruktivt forslag for å finna ein ny veg, seier Eliassen til NRK.

Les også Flyavgangen din kan bli kansellert også etter at streiken er over

Widerøe-fly i luften. Flyet er av typen De Havilland Canada DHC-8-200

Har i første omgang gitt det eit døgn

Riksmeklingsmannen veit ikkje kor lenge meklinga kan vare når dei først set seg ned saman hjå Riksmeklaren.

– Vi har ein intensjon om at vi skal få noko til. Eg er førebudd på å bruke tid på det sjølv, og det håper eg partane er også, seier Martinsen.

Til vanleg bur han i Bergen, men kom over fjellet torsdag føremiddag for å mekle.

– Kor mange hotellnetter har du bestilt?

– Eg skal i utgangspunktet berre vere til i morgon. Eg er innstilt på å bruke tida som er nødvendig for å få dette til, seier Martinsen.

– Kva er målet?

– Å få partane til å inngå ein tariffavtale for dei neste to åra.

– Avstanden i krav og tilbod er mellom fire og 60 kroner. Korleis skal de komme fram til ei løysing?

– Det har eg ikkje ei formeining om. Begge partar må vere innstilte på å komme til mekling, forhåpentlegvis utan at dei få gjennomslag for alt dei har ønske om. Det gjeld ved all mekling.

– NHO må vise reell forhandlingsvilje

– Som alltid i mekling har vi ei forhåpning om eit positivt resultat, skriv Torbjørn Lothe, administrerande direktør i NHO Luftfart, i ein SMS til NRK.

– Vi forventar at NHO må vise reell forhandlingsvilje og bevege seg i retning vårt krav om vi skal få ei løysing av konflikten, skriv leiar for flyteknikarorganisasjonen, Tor Skogseth i ein SMS.

Sentralstyremedlem i NFO Øystein Eliassen seier forhandlingana hittil har vore det minst konstruktive han nokon sinne har vore med på.

– Møtet i dag blir på ein måte eit oppstartsmøte. Eg blir veldig overraska om vi klarer å finne endeleg løysing i dag. Det trur eg det er for komplekst til. Viss vilja er til stades, så håpar eg vi finn ei løysing før søndag.

– Kan du seie noko om kor langt NHO må gå på løn for ei løysing?

– Nei, eg vil ikkje gå inn i detaljane. Det tek vi i meklinga.

Les også Flyavgangen din kan bli kansellert også etter at streiken er over

Widerøe-fly i luften. Flyet er av typen De Havilland Canada DHC-8-200

Vil unngå fare for liv og helse

Dersom meklinga ikkje fører fram og det blir lockout på søndag, er spørsmålet om regjeringa snart vil bryte inn med tvungen lønnsnemnd.

Dersom flyteknikarar som jobbar med ambulansefly for Babcock blir sett på bakken, kan det bli fare for liv og helse.

Flyteknikarane har sagt dei vil be om unntak for Babcock-arbeidarar, men dette er det flyselskapet sjølv som må gjere. Dei har bedt om ei vurdering frå Helsetilsynet på kor vidt ein lockout vil føre til fare for liv og helse.

Tilsynet opplyser til NRK at dei sender sine vurderingar til Helse- og omsorgsdepartementet mot slutten av torsdagen, og ønsker ikkje kommentere innhald så lenge konflikten går føre seg.

AKTUELT NÅ