Hopp til innhold

Pårørandegruppa refsar Diesen

Forsvarssjef Sverre Diesen gjer ikkje jobben sin, seier leiar for Pårørandegruppa for NATO- og FN-veteranar, Liv Stenbakk Krognes.

Jens Stoltenberg
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Mangel på legar til dei norske soldatane i Afghanistan har fått mykje merksemd dei siste dagane.

Stenbakk Krognes meiner Forsvarsjefen gamblar med menneskeliv.

Forsvarsministeren svara på kritikken i Dagsnytt 1730 onsdag. Det kan du høyre her.

Vil ikkje avsetje Diesen

Statsminister Jens Stoltenberg vil ikkje avsetje forsvarssjef Sverre Diesen.

Stoltenberg sa dette i den munnlege spørjetimen i Stortinget i dag.

Han fekk spørsmål om det er rett som det står i avisa Nordlys i dag, at mange i og rundt regjeringa vil kvitte seg med forsvarssjefen.

Måndag sa Diesen i ein tale i Oslo Militære Samfund at det kan bli aktuelt å leggje ned 10-15 militærleirar, og at dei fleste av flystasjonane kan bli nedlagde.

Forsvarssjef general Sverre Diesen
Foto: NRK

Utspelet frå forsvarssjefen har ført til frykt for at mange av Forsvaret sine anlegg i Nord-Noreg kan bli borte.

Tungt nærvær i nord

Stoltenberg gjorde det klart at det er regjeringa sin politikk at Forsvaret skal ha eit tungt nærvær i nordområda, og at det er vedteke budsjett som gjer at kystvakta sitt arbeid kan trappast.

Han nemnde også dei nye fregattane som operere vere i Nord-Noreg.

Høgre og Framstegspartiet kom med sterk kritikk av regjeringa, og Høgre-leiar Erna Solberg seier at krava om at Diesen skal skiftast ut, er heilt håplause. Ho uttrykte glede over at Stoltenberg sette tinga på plass i Stortinget i dag.

- Forsvarssjefen har eit sjølvstendig ansvar for å gi råd om forsvarspolitikken. Han er ikkje ein del av regjeringa sitt sekretariat, men har ei uavhengig rolle.

- Det kan ikkje vere slik at lokale Ap-politikarar i nord skal kunne bølle faglege råd til tagnad, seier Erna Solberg til NTB.

Dobbeltspel

Ho meiner at regjeringa driv eit dobbeltspel i denne saka, og at dei er interesserte i å leggje ut eit røykteppe.

Øyvind Korsberg frå Framstegspartiet kritiserte det han meiner er regjeringa si underfinansiering av Forsvaret, og at det kan føre til eit anna Forsvar enn det Stortinget har vedteke. Han meiner det var rett av Disen å ta bladet frå munnen.

 Stoltenberg minte om at det er nedsett eit breitt samansett utval som skal gi råd i samband med den nye forsvarsplanen.

- Forsvarssjefen sine innspel er ein del av dette grunnlaget. Men det er Stortinget og regjeringa som fastset forsvarsstrukturen her i landet, statsministeren.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger