Også på ambassaden sitt kontor i Phuket hadde dei problem med datautstyret. Kontoret har fått mykje kritikk for usystematisk arbeid.
- Me hadde datamaskinar, seier Tor Dalstrøm som arbeidde på kontoret. Men det var først då ein av dei pårørande den første januar tilbaud å hjelpe både Kripos og ambassaden gjennom sine kontaktar at dei fekk breibandlinjer og ekstra datamaskinar. Og dette er me svært takksame for, seier Dalstrøm.
- Hjelpa frå pårørande til å ordne nettsamband og skaffe ekstra datautstyr var uvurderleg også for oss, seier Svein Kjus i Kripos.