Forhandlingane mellom den ytterleggåande islamistiske organisasjonen Hamas, som var klar vinnar av valet på ny palestinsk nasjonalforsamling 25. januar, og det regjerande Fatah-partiet, braut saman i går kveld.
Fatah ute
Salah Baradawil, talsmann for Hamas si gruppe i den nye nasjonalforsamlinga, seier at statsminister-kandidat Ismail Haniya vil presentere regjeringslista for president Mahmoud Abbas i kveld.
Det er venta at den sekulære, væpna gruppa PLFP og fleire uavhengige kandidatar vil bli med i regjeringa.
- Fatah var ikkje viljug til å inngå kompromiss, og det viser at dei ikkje er interessert i å gå inn i ei samlingsregjering. Vi kjem ikkje til å gå bort frå det programmet vi er valde på, og vi vil heller ikkje godta Fatahs program, sa Bardawil til journalistar i Gaza by i føremiddag.
Fatah, som avlidne Yasir Arafat og den noverande presidenten Mahmmoud Abbas var med på å grunnleggje, insisterte på at ei ny regjering måtte godta alle tidlegare inngåtte avtalar.
Væpna kamp
Hamas nektar på si side å godta at Israel har rett til å eksistere som stat, og vil heller ikkje gi opp den væpna kampen mot Israel.
USA og EU har trua med å stanse all økonomisk hjelp til palestinarane dersom ikkje Hamas godkjenner Israel sin rett til å eksistere, og lovar å stanse den væpna kampen mot Israel.
Israel held tilbake fleire millionar kroner i tollavgifter som tilhøyrer palestinarane, og har gjort det klart at pengane blir haldne tilbake så lenge Hamas ikkje endrar politikken sin og godkjenner staten Israel.
Regjeringsoppdrag
Mahmmoud Abbas gav for fire veker sidan Hamas oppdraget med å danne regjering, etter valskredet der den islamistiske organisasjonen fekk 74 av 134 plassar i den nye nasjonalforsamlinga.
Hamas har stått bak fleire tiltals sjølvmordsaksjonar inne i Israel sidan 1995, der fleire hundre sivile israelarar er drepne.
Det siste året har Hamas ikkje gjennomført sjølvmordsaksjonar.