- Nordmenn har gitt fra seg råderetten over egen energi og underkastet seg EU sin feilslåtte energipolitikk. Valget for Norge står mellom å være fri eller trell, sier Øystein Stray Spetalen før møtet med olje- og energiminister Terje Aasland i Debatten tirsdag kveld.
I 2014 åtvara Øystein Stray Spetalen mot høgare straumprisar på grunn av utanlandskablane. Han meiner dei straumprisane vi ser no viser at han hadde rett.
– I Nord-Noreg der det ikkje er bygd nye kablar, har dei same prisen som for ti år sidan. Men går vi nærare kabelen, er prisen nærare fem-seks kroner. Det er tyskaren i andre enden som bestemmer prisen, ikkje nordmannen.
Han meiner vi har sagt frå oss sjølvråderetten over straumen på grunn av krafteksporten. Han meiner dagens system går på tvers av det politikarane for hundre år sidan.
– For hundre år sidan fekk norsk vasskraft ein verdi. Då var det brei politisk semje om at dette måtte vere under norsk kontroll. Då fekk vi konsesjonslovgjevinga, og med det fekk vi bygd om verksemder som Yara, Hydro og Elkem.
Dei straumprisane vi ser i dag, kjem snart til å føre til problem for norsk næringsliv, trur Spetalen.
– Industridøden kjem. Med dei prisane vi ser no, har ikkje vi noko konkurransefortrinn i forhold til resten av Europa.
– Har framleis kontroll
I Debatten tysdag møtte Spetalen olje- og energiminister Terje Aasland for å debattere straumsituasjonen.
Aasland meiner Spetalen tek feil når han seier at vi har gjeve frå oss sjølvråderetten over straumen.
– Vi har framleis ei streng regulering av norsk vasskraft. Det er det offentlege som eig kraftverka. Det er det offentlege som har kontrollen og regulerer denne bransjen i detalj, seier Aasland.
Han meiner at ein viktig årsak til dei høge straumprisane er verdssituasjonen, og at det er krig i Europa.
– Putin bruker energisituasjonen for å skape splid i Europa og få slike debattar som dette. No må vi handtere den kortsiktige krisen ved å få til ei ordning som reduserer straumkostnadane til hushaldningane, vi skal kome med ei ordning for næringslivet. Den langsiktige løysinga handlar om å bygge ut meir kraft og meir nett slik at vi tryggar prisnivået og stabiliteten i forsyninga.
Vil ut av energisamarbeidet
Men Spetalen meiner prisane heng saman med utanlandskablane og tilknytinga til Europa. Difor meiner han det beste ville vere å kople seg av den europeiske kraftmarknaden.
– Kablane er bygde, og er der. Men det som er avgjerande er at vi kan avgjere når vi skal eksportere og når vi skal importere. Det har vi sagt frå oss med Acer-avtalen. Den avtalen gjer at vi får tyske og franske prisar rundt kabelen.
Men Aasland meiner det vil bli vanskeleg å trekke seg frå kraftsamarbeidet med EU.
– Då melder vi oss ut av energisamarbeidet. Då seier vi nei til EØS-avtalen. Og det er eg sterkt i mot. Vi er gjensidig avhengige av kvarandre. Europa er Noregs viktigaste samarbeidspartnar. Og det er viktig at vi held det samarbeidet oppe på ein god og trygg måte.
Han meiner Noreg også har tent godt på dette samarbeidet.
– Vi har fått utnytta investeringane våre på ein god måte. Det har bidrege til at vi har kunne hatt låge prisar i Noreg. Det kan vi halde fram med, men då må vi bygge ut meir kraft for å sikre den kvaliteten.
Velkommen til dialog hos NRK. Siden du er pålogget andre NRK-tjenester så slipper du å logge inn på nytt her, men vi trenger ditt samtykke på våre brukervilkår for dialog på nett