Hopp til innhold

Øystein Mæland er årets homo

I kveld gjekk GayGalla 2012 av stabelen. Vinnaren av den gjevaste homoprisen gjekk til politidirektør Øystein Mæland.

Video Årets homo 2011

KLIKK FOR VIDEO: Sjå utdelinga av GayGalla 2012 frå Edderkoppen teater.

I kveld gjekk GayGalla 2012 av stabelen. Vinnaren av den gjevaste prisen, årets homotopp, gjekk til politidirektør Øystein Mæland.

– Me har eit bevisst arbeid for å sikre at politiet blir gode til å ivareta menneske som vert utsett for hatvald, sa Mæland til NRK.

I andre kategoriar kan ein nemne Fabian Stang, som fekk prisen årets hetro. Fabian Stang har sjølv ein homofil son, og har engasjert seg mykje for homosaka.

Norges idrettsforbund vann prisen «Årets stå på vidare».

Prisen vert gitt til idrettsforbundet for prosjektet «Med idretten mot homohets», som har halde på i fem år.

AKTUELT NÅ