NRK Meny
Normal

Øydelagt straumleidning har gitt billegare straum

Etter at ein undersjøisk kabel i Oslofjorden rauk før sommaren, har straumprisane blitt lågare i heile Sør-Norge

sjøkabel

ØYDELAGT: Denne øydelagte sjøkabelen i Oslofjorden har gitt billegare straum i Norge.

Foto: NRK

Når straumeksporten til utlandet stoppar opp, går prisane i Norge ned. At kabelen mellom Hurum og Vestby har gått ut av drift, og straumprisane har sokke, har dermed ein direkte kopling, meiner Forbundsleiar i Industri Energi, Leif Sande.

– Utanlandskablane gir utan tvil dyrare straum. Europamarknaden har i dag omlag dobbelt so høge straumprisar som i Norge. Når me slepp inn vår straum i den dyre marknaden, er det våre prisar som går opp.

Medan Øivind Rue, konserndirektør i Statnett meinar det ligg fleire grunnar bak den senka straumprisen.

– Det har vore mykje vatn i Norge denne sommaren, det har gitt mykje overskot på straum, og i sin tur låge straumprisar i Norge, særleg på vestlandet.

Utanlandskablar gir dyrare straum

Straumanalytikar Andreas Myhre har fulgt kraftprisane i sommar, og kan bekrefte at den øydelagte straumkabelen har i snitt gitt 100 kr mindre straumutgifter for ein villa-eigar. Han meiner likevel kablane er viktige.

– Det jamnar ut straumprisen for konsumenten. Ikkje minst er det viktig å ha tilgang på forsyning når nedbørsmendene sviktar her i landet.

Øivind Rue, konserndirektør Statnett

VIL BYGGE FLEIRE: Statnett har planar om å bygge fleire straumkablar, i følge konserndirektør Øivind Rue.

Foto: Eva Sleire / NRK

Rue i Statnett meiner også at Norge treng slike straumkablar.

– Norge har mykje vatn i magasina, og eit overskot av kraft. Det betyr at me må eksportere krafta ut. Dei fleste vil seie at me er tente med det.

Derimot er Sande særs skeptisk til å ha kablar som fører straum ut av landet, då han meiner at me må halde på dei ressursane me har.

– Kvifor skal me gje frå oss alle dei naturressursane som har gitt oss dei fordelane me har i dag?

Olje- og energiminster Tord Lien meiner Leif Sande tek feil då han berre ser isolert på kraftutveklsinga frå ein straumkabel.

– Krafthandel har vi holdt på med i 50 år. Det har kome både norske hushaldningar og produsentar til gode. Kraftsystemet må sjåast i samanheng. Berre i år er det til dømes beslutta ny fornybar kraftproduksjon i Norge som gir straum til over 150 000 hushaldningar. Det hadde ikkje vore mogleg utan kraftutveksling, seier Lien til NRK.

– Forbrukaren sit igjen med rekninga.

Statnett driv no reperasjonsarbeid for å sette den øydelagte straumkabelen som går mellom Hurum og Vestby i stand att. I tillegg til dette vil dei byggje fleire kablar som kan eksportere meir straum til utlandet.

– Det blir mykje kabellegging i tida framover. I Oslofjorden er me allereie i gang med to store prosjekt. Straumkundane er først og fremst opptekne av trygg forsyning. At me utjamnar prisane i Norge og Norden trur eg dei fleste ser på som ei god løysing, seier Rue i statnett.

At fleire kablar er planglagt er Leif Sande ikkje særleg nøgd med.

Leif Sande i Industri Energi

KRITISK: Forbundsleiar i Industri Energi, Leif Sande meiner at straumkablane fører til høgare straumprisar i Norge.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

– Når du byggjer kablar til utlandet går straumprisen opp, men når dei ikkje fungerar går prisen ned. Dette bør vere elementert. Me er mot å bygge fleire kablar til utlandet. Me har allereie rikeleg med importmoglegheiter, so det er ingen bruk for fleire.

– Kven er det som må betale for det?

– Det er forbrukaren som til slutt sit igjen med rekninga, seier Sande.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger