Hopp til innhold

Overvelda over mottaking av miljø-kronikk

Lektor Kirsten Elisabeth Lunde er overraska etter at mange har likt og delt kronikken hennar om at miljøpolitikken i til MDG er usosial, men byrådsleiar Raymond Johansen meiner ho bommar i bomkritikken.

Nye bompengesatser ble innført i Oslo

Dei nye satsane i bomringen i Oslo skal få ned køane, betre bylufta og finansiere store samferdselsprosjekt i Oslo og Akershus.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Det siste døgnet har kronikken «Derfor provoserer MDG» hatt over 200.000 visingar, og er delt over 26.000 gongar i sosiale medium. Forfattaren sjølv, lektor Kirsten Elisabeth Lunde, er overvelda over mottakinga.

Kirsten Elisabeth Lunde

Lektor Kirsten Elisabeth Lunde meiner politikken til MDG slår skeivt ut sosialt, og at rikfolk på vestkanten blir sponsa av fattige i aust.

– Eg hadde aldri trudd at eg skulle nå så mange med meiningane mine. Og tilbakemeldingane eg har fått, viser at mange er einige med meg.

Ho understrekar at ho meiner MDG gjer mykje bra, men ho meiner mange av tiltaka dei har kome med rammar skeivt sosialt.

– Det er mange av dei som køyrer gamle bilar i dag som ikkje har noko val. Det er arrogant å seie at det berre er å selje den gamle bilen og ta opp eit lån, når mange ikkje har råd til det.

Ho meiner folk på austkanten betalar for at folk på vest skal få køyre elbil, og at MDG ikkje tek innover seg at ikkje alle bor i bykjernen og kan bruke sykkel mellom heimen, jobb og barnehage.

– Urimeleg

MDG hadde ikkje høve til å svare på kritikken til Lunde i dag, men byrådsleiar i Oslo, Raymond Johansen frå Arbeidarpartiet, stiller seg bak miljøtiltaka som er sett i gang i Oslo, og meiner det er urimeleg at MDG får så mykje tyn for ting det er brei politisk semje om.

– Avtalen om auka bomsatsar i Oslo er underskriven av byrådspartia, i tillegg til Høgre, KrF og Venstre. Og avtalen er også godkjent av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen frå Frp. Så det å gi MDG skulda for dette, er tøv.

Raymond Johansen og Lan Marie Nguyen Berg

Byrådsleiar i Oslo, Raymond Johansen (t.v.), synest det er urimeleg at MDG og miljøbyråd Lan Marie Nguyen Berg får skulda for ein politikk fleire parti er samde om.

Foto: Ola Mjaaland / NRK

Han kan forstå at enkelte blir sinte, men han avviser at miljøpolitikken er usosial.

– Alt som er prisa likt, anten det er matvarer, tenester eller bompengar, blir opplevd urettferdig fordi folk tener ulikt. Men det vi får til med å auke satsane er å få ned køane, betre bylufta og vi får inn meir pengar til å finansiere samferdselsprosjekt i Oslo og Akershus.

Men han vedgår at det kostar å få til dette. Men Johansen meiner dette er noko som kjem alle innbyggarane til gode, og at alle er med å bidra til dette.

AKTUELT NÅ