NRK Meny
Normal

Overlevde Utøya: – På tide med ny leir

– Det blir mykje sterke kjensler, seier AUF`aren Natalie Milde. Ho overlevde massakren og kom i dag tilbake til Utøya med veninna Ylva, som aldri har vore på øya før.

– Heilt sidan 2011 har eg vore sikker på at eg ville tilbake til Utøya. No er det på tide å dra tilbake og skapa nye gode minne der, seier Natalie Milde.

Ho overlevde massakren og er ein av rekordmange ungdomar som i desse dagar strøymer ut til den idylliske, hjarteforma øya i Tyrifjorden i Buskerud for å delta på AUF-leir.

– Eg skal treffa att AUF`arar frå heile landet, eta vaflar, gå på spanande føredrag og læra meir om politikk. Utøya er ein fantastisk stad å vera på sommaren. Det er ein grunn til at me kallar det sommarens vakraste eventyr, seier Milde.

Over 1000 ungdomar er med på den første AUF-leiren på Utøya etter terroren for fire år sidan

Spent på reaksjonen

Over 1000 ungdomar er med på den første AUF-leiren på Utøya etter terroren for fire år sidan.

Igjen er det tett i tett med telt på det grøne graset, latter i lufta. At 69 menneske vart drepne på Utøya under leiren for berre fire år sidan, er vanskeleg å fatta, men likevel umogleg å gløyma.

– Det blir mykje sterke kjensler. Det er heilt naturleg og greitt. Eg er spent på korleis eg sjølv kjem til å reagera, men eg er optimistisk og trur det blir fint å vera tilbake att, seier Milde, som no er kandidat til bystyret i Bergen.

Denne gongen har ho med seg veninna si Ylva Lavik, som er eit relativt ferskt medlem i Arbeidarpartiet sin ungdomsorganisasjon. Som fleirtalet av årets deltakarar er ho debutant på Utøya-leiren.

Ingen av dei to føler seg redde.

– Eg er spent, men verkeleg ikkje redd. Ein tenkjer jo alltid på det, har det i bakhovudet. Men å gå rundt å vera redd vil skapa ei dårleg haldning til heile leiren. Me bør heller prøva å gjera noko positivt ut av det, seier Lavik.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger