NRK Meny
Normal

Gjekk frå innlegging til ein psykologtime kvar andre veke

Camilla Stannes mista sambuaren sin (42) ved sjølvmord i fjor. Overgangen frå institusjon til å klare livet på eiga hand blei for stor.

Illustrasjonsfoto: Selvmord

– Eg er bitter fordi det ikkje var noko system som fanga han opp då han verkeleg trengte hjep, seier Camilla, som mista sambuaren sin i fjor. (Illustrasjonsbilete).

Foto: Sara Johannessen / Scanpix

Camilla sin sambuar vart i 2007 lagt inn på det psykiatriske sjukehuset i Lier med djupe depresjonar og sjølvmordstankar. Då han vart skriven ut eit halvt år seinare var overgangen brå.

Han gjekk no over til ein psykologtime kvar fjortande dag i distriktshelsetenesta (DPS), og fekk eit telefonnummer han kunne ringje dersom sjølvmordstankane kom.

– Dersom du er så langt nede at du vil ta livet ditt, så orkar du ikkje å ringe eit slikt nummer, fortel sambuaren Camilla Stannes, som deler sine tankar om paret sitt møte med det psykiske helsevernet.

Overgangen frå institusjon til det normale livet var som å gå frå barneskulen til vidaregåande.

Camilla Stennes

Det er nettopp perioden når ein er på permisjon, eller nettopp har blitt skriven ut, at psykiatriske pasientar er mest utsette for å ta livet sitt. Den store hovudvekta av dei 124 sjølvmorda gjort av psykiske pasientar i fjor , skjer under slike tilhøve, opplyser Erlend Mork ved Senter for sjølvmordsforsking.

– Svært stor overgang

Camilla Stannes

Camilla Stannes skulle ønskt det var meir oppfølging av sambuaren etter han kom ut av sjukehuset.

Foto: Privat

– Overgangen blei veldig stor for han. Det var som å gå frå barneskulen og rett inn på vidaregåande. Det var svært skummelt for han at han plutseleg ikkje hadde noko nettverk som var der for han.

Camilla sin sambuar hadde ikkje nokon god kontakt med psykologen i DPS, og valde å avslutte timane. Då starta livet hans å gå frå vondt til verre.

– Han fekk ikkje anna tilbod etter DPS enn time hos fastlege og masse medisinar, fortel Camilla.

I tida etter at han slutta på DPS i 2008 var han til saman rundt seks turar på legevakta etter at han prøvde å ta livet sitt. Eit sjølvmordsforsøk var årsaka til at han vart lagt inn i 2007. Men ingen drog den slutninga ved dei seinare sjølvmordsforsøka.

– Me kom inn på legevakta og så hjelpte dei han akkurat i den augneblinken, og så er det ikkje noko vidare oppfølging.

Meiner terskelen bør bli lågare

Camilla Stannes kan vise til både positive og negative erfaringar med det psykiske helsevesenet, men ho meiner terskelen er altfor høg for å hjelpe suicidale utanfor institusjonar, og at fokuset på å tenkje langsiktig i behandlinga er for dårleg.

– Når ein forklarar situasjonen til ein lege og dei ser i journalen at han har vore ein gjenganger, så synest eg at terskelen for å sende han vidare i systemet ikkje burde ha vore så høg.

Uansett kva eg gjorde fekk eg dårleg samvit. Enten det var for å hjelpe han for lite, eller dersom eg gjekk bak ryggen hans for å få han lagt inn.

Camilla Stannes

Sambuaren til Camilla sine problem stakk djupt. Ho vil ikkje påstå at det er sikkert at han hadde levd i dag dersom rutinane ved helsevesenet hadde vore betre. Men ho er ikkje i tvil om at enkelte sider ved det psykiske helsevernet har vore meir til belastning enn til hjelp.

– Sambuaren min var veldig skeptisk til fagfolk. Han meinte dei hadde veldig lett for å gå etter boka, og at dei mista dei medmenneskelege faktorane då han sat i ein slik situasjon. Dei vart ofte veldig belærande, og høyrte lite på kva tankar han hadde.

– Plaga med dårleg samvit

– Han hadde nok hatt god nytte av å prate med andre i same situasjon, i tillegg til fagfolk, seier Camilla.

På slutten fekk han endeleg tilbod om besøk av eit kommunalt krisepsykiatrisk team. Men då var det diverre allereie for seint.

– Kjenner du deg bitter?

– Eg er bitter fordi det ikkje var noko system som fanga han opp dei gangane han verkeleg trengte hjelp. Eg følte at eg vart veldig overlaten til meg sjølv. Eg skulle ønskt at nokon kunne hjelpe også meg når eg trong hjelp.

– Uansett kva eg gjorde fekk eg dårleg samvit. Enten det var for å hjelpe han for lite, eller dersom eg gjekk bak ryggen hans for å få han lagt inn.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger