Hopp til innhold

Over 50.000 reiser til utlandet i jula

Heimen er framleis den soleklare favoritten blant nordmenn, men stadig fleire set også kursen mot utlandet eller hytta før julekvelden kjem. Amalie (11) og familien skal feira ved bassengkanten i Florida.

Oslo-familie gjer seg klar til å reisa til Florida på juleferie

Det er hektisk heime hos Amalie (11) og familien like før dei set kursen mot Florida i USA. Dette er første året dei feirar jul i utlandet. – Det blir litt spesielt, seier 11-åringen.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Gangen er full av koffertar og borna fulle av forventningar heime hos familien Bakken/Kvernaas i Oslo denne morgonen.

Om få timar sit dei på flyet til solfylte Florida saman med besteforeldre, tanter, onklar og syskenbarn – ein storfamilie på totalt 21.

– Eg trur det blir svært annleis og spanande å feira jul i eit anna land for første gong. Me skal bada i badebasseng midt på julaftan, det blir litt spesielt, seier Amalie Kvernaas-Eriksen (11).

Gran Canaria

Gran Canaria er heilt i tet på lista over destinasjonar for julefeiring i utlandet. Over 50.000 nordmenn pakkar no koffertane og reiser ut i verda for å nyta julehøgtida.

Foto: Herskedal / SCANPIX

– Forlokkande å gjera noko alternativt

Utlandet som destinasjon for juleferien er på frammarsj. I fjor reiste så mange som over 50.000 nordmenn ut i løpet av jule- og nyttårshelga. I år er det tre prosent fleire som har planar om å tilbringa jula utanfor landegrensene.

– Me ser i aukande grad at folk tek med næraste familie og feirar i varmare strok. Dei vil ha tid saman, men borte frå det tradisjonell julestresset og maset, fortel direktøren for Reise Utland i Virke, Sverre McSeveny-Åril.

Ro og kvalitetstid er også det Amalie og familien ønskjer seg i Florida.

– Me lever alle hektiske liv og har snakka om å samla familien og finna på noko saman, fortel Amalie sin stefar Håvard Bakken.

– Det var forlokkande å gjera noko alternativt og å få litt meir kos fordelt over fleire dagar. Skiføret her heime er dårleg i år og me har lyst på litt lys og varme. Då er det få grunnar til å bli heime i jula, legg han til.

Ein skal likevel ikkje langt tilbake i tid før dei færraste vurderte jul i utlandet som eit alternativ.

– Det er ein litt ny tendens at folk dreg til utlandet i jula. Så seint som på 80-talet var dette ganske ukjent, påpeikar leiaren ved Senter for reiselivsforsking i Lillehammer, Martin Rønningen.

Borte bra, men heime framleis best

Amalie Kvernaas-Eriksen (11) skal til FLorida jula 2014

Amalie Kvernaas-Eriksen (11) er spent på korleis det blir å feira jul i Florida.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK
Sverre McSeveny-Åril er Direktør for Reise Utland i Virke

Sverre McSeveny-Åril er direktør for Reise Utland i Virke.

Foto: CF-Wesenberg
Martin Rønningen

Martin Rønningen, leiar ved Senter for reiselivsforsking.

Foto: Høgskolen i Lillehammer

I år er første gongen at familien Bakken/Kvernaas reiser utanlands når den 24. desember nærmar seg. Dei er heimekjære i jula, på lik linje med det store fleirtalet av nordmenn.

Det kjem klart fram i ei landsomfattande spørjeundersøking om ferievanar gjort for Virke i 2014.

Heile sju av ti nordmenn svarar at dei skal feira jul i eigen heim.

– Jula er den høgtida der nordmenn er aller mest tradisjonelle og familiekjære. Det er den ferien der flest opplyser at motivet er å vera saman med familie og vener, fortel direktør for Reiseliv og Kultur i Virke Hilde Charlotte Solheim.

Eit mindretal tek steget over dørstokken for å feira på andre arenaer:

  • 30 prosent feirar på besøk hjå familie og vener i Noreg
  • 16 prosent skal til utlandet
  • 12 prosent tek julefeiringa med seg til privat hytte i Noreg

Gran Canaria og Thailand på topp

Sjølv om det gjerne er snø og kulde nordmenn assosierer med jul, er det varmare strok som fristar mest for den stadig større gruppa som dreg utanlands.

Kanariøyane og særleg Gran Canaria toppar lista over føretrekte destinasjonar i jula. Men også Thailand, Madeira og Karibia er ynda reisemål.

– Eg veit ikkje heilt korleis dei feirar jul i Florida, men det blir spanande og eg gler meg, seier 11 år gamle Amalie.

Familiem kjem likevel ikkje til å la jul i utlandet bli ein vane. Borna er nemleg ikkje utelukkande begeistra for årets utradisjonelle feiring.

– Sonen min er ein veldig tradisjonsbunden kar. Han synest det er litt trist at denne jula ikkje blir som den pleier å vera, fortel Håvard Bakken.

Nokre tradisjonar tek Oslo-familien likevel med seg over Atlanteren.

– Me har leigt hus og har planar om plastikktre, ribbemiddag og litt presangar til ungane på julekvelden. Men me samlar oss truleg heller rundt bassenget enn i sofaen, seier Bakken.

Ut med utedo, inn med hyttejul

Arve Løbvrenden i Kjells hytteservice

Hyttevaktmeister i Trysil Arve Løvbrenden fortel at mange etterlyser hyttetenester i jula: snømåking, oppvarming av hytta og i sjeldne tilfelle juletrepynting.

Foto: Privat

Hytta blir også eit stadig meir populært alternativ til julefeiring heime. Ifølgje Virke har hytta blitt den føretrekte ferieforma for nordmenn som skal feriera i heimlandet – uansett årstid.

Denne jula skal over ein av ti nordmenn feira jul på hytta.

Kjells hytteservice i Trysil kan stadfesta at pågangen i jula har blitt større i løpet av dei siste fem åra.

Firmaet tilbyr vaktmeistertenester til både private hytter og firmahytter i området. Som følgje av mykje snø og ei kommande jul med mange fridagar, trur dei at årets høgtid blir ekstra travel.

– Dei ringjer ofte 2–3 dagar i førevegen og ber om tenester som snømåking, oppvarming av hytta, levering av ved og innkjøp av juletre, fortel vaktmeister og dagleg leiar Arve Løvbrenden.

Ein gong fekk Løvbrenden spørsmål frå hyttegjesten om å pynta treet også.

– Og det gjorde eg. Men det var litt spesielt. Trepynting er ikkje noko me vanlegvis driv med altså, ler han.

Både Virke og Senter for reiselivsforsking viser til at hyttestandarden i Noreg har fått eit kraftig lyft i løpet av dei siste åra. Straumlause hytter med utedo er det få igjen av. Hyttekjøkkenet har blitt godt nok utstyrt til å kunne stella i stand eit større festmåltid på sjølvaste julekvelden.

– Me ser at hytta har blitt eit alternativ for ein del familiar. Det har vore ein ekstrem auke i talet på fritidsbustader med ein standard som er lik den me har heime. med innlagt vatn, straum, dusj, oppvaskmaskin – alle fasilitetar som me har heime, påpeikar Virke-direktøren.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger